Vel gjennomført konferanse

Fredag 31.januar vart den fjerde Digg Læring – konferansen gjennomført. I år var det godt over 400 påmeldte i tillegg til utstillarar og dei tilsette på skulen. I år var det ny rekord i antal utstillarar og worshops. Vi er takksame for at så mange av samarbeidspartnarane våre ønsker å reise hit til oss for å bidra på denne konferansen!

Konferansen starta med plenumsforedrag i gymsalen. Rektor Odd Erik Kjeldstad sette det heile i gang frå scena. Han ønska velkommen før ordføraren vår, Tom Georg Indrevik kom med ei helsing. Konferansen vart opna av oppvekstsjefen i Øygarden kommune, Anne-Merete Vabø Haugane. Vi set stor pris på at både oppvekstsjef og ordførar tek seg tid til å kome innom konferansen vår!

Hovudtalar på årets konferanse var Magnus Nohr. Han snakka om elevaktiv undervisning i digitale klasserom. Presentasjonen han hadde finn ein her: bit.ly/digg2020  I løpet av foredraget sitt hadde han mange konkrete døme på korleis vi på ein god måte kan utnytte dei digitale verktøya i eiga undervisning.

Etter ein god pause med moglegheit for besøk på stand var det Ingvild Vikingsen Skogestad, Digg læring-koordinator på Knappskog skule sin tur. Ho hadde eit innlegg om korleis fagfornyinga bør forandre tanken vår om læring og det som skjer i klasseromma. Denne presentasjonen finn du her

På ein konferanse med mange utstillarar og workshops er det kjekt med ein presentasjonsrunde. Alle samarbeidspartnarane våre fekk 2 minutt kvar til å presentere enten kva dei hadde i utstilling eller kva dei skulle ha workshop om. Når siste speedforedrag var gjennomført plenumsdelen over og det var tid for lunsj.

   

Etter lunsj var det meir tid for besøk i utstilling, tid til å prøve ut ulike aktivitetar knytt til skaparverkstaden vår eller til å sitte å høyre Erlend Kobro i Lin Education og Audun Uggerud i Dragonbox snakke om fagfornyinga. Dagen vart avslutta med to rundar med workshops der kvart eit rom på skulen vart utnytta.

Tilbakemeldingane på arrangementet er positive og alle tilsette gjorde ein fantastisk innsast gjennom heile dagen (og dagane før). Vi ønsker å takke alle som var med på konferansen vår og som gjorde den til det den vart. Ein takk til deltakarar, foredragshaldarar, utstillarar, samararbeidspartnarar og tilsette ved Knappskog skule!