Skaparverkstad

Det er stadig flere skoler som etablerer skaperrom og trekker skapertankegangen inn i undervisningen. I et skaperverksted (makerspace) kombineres tradisjonelle håndtverksfag med 3D-printing, laserkutting, e-tekstiler og programmerbar elektronikk og elevene gis mulighet til å være utforskende og kreative med teknologi. Et skaperverksted kan være alt fra et fullt utstyrt verksted til en kasse med utstyr som kan flyttes rundt etter behov og en didaktisk tankegang. (henta frå IKT senteret si side)

På Knappskog skule ønsker vi å bygge opp vår eigen skaparverkstad. Frå før har vi utstyr til å bøye plast for å t.d. lage bilar og tradisjon for at elevane får prøve seg som skaparar i naturfag. Med det fokuset som har vore på koding/programmering dei siste åra, er det no naturleg å kombinere aktiviteten som har vore i naturfag og kunst og handverk med den nye kunnskapen om koding/programmering.

Vi har kjøpt inn forskjelleg programmerbar elektronikk som Makey Makey, Parrot droner, Micro:bit, Arduino og Raspberry Pi. I tillegg har vi kjøpt inn komponentar som ulike sensorar, servoar, hjul o.s.v. Vi har også kjøpt inn Strawbees. Elevane brukar dette til å lage bilar, buggiar, meiningslause robotar og anna. Ved hjelp av plastbøyaren skal elevane også lage karosseri på bilane/buggiane som blir laga.

På slutten av året 2017 fekk vi midlar til å kjøpe inn meir programmerbar elektronikk. Vi gjekk då til innkjøp av 10 Lego Wedo og 2 Lego Mindstorms. Vi har også kjøpt 2 Bee-bot og 2 Spheroballar. No ser vi fram til at også dei minste elevane våre skal få kode fysiske objekt. I tillegg til dette har vi kjøpt to 3d-printarar som vi med stor glede har byrja å ta i bruk.

Med dei siste investeringane ser vi behovet for å oppgradere dagens Newton/sløyd rom til eit skaparverkstad.  Ved å kombinere eit rom med teknologi, naturfag, digital sløyd og vanleg sløyd er vi på god veg til å oppnå det vi ønsker. Det blir ein spanande prosess å bygge opp dette rommet!

Noko av det vi har kome best i gang med er Lego, og spesielt Lego Wedo. 3.trinn hos oss var hausten 2018 med på FIRST LEGO LEAGUEjr og Mission Moon

Vi har bygd ei virituell sandkasse som står på rommet. Her kan vi sjå høgdekurver og lage virituelt vatn. Der kan ein blant anna plassere sluser bygd i LegoWedo. Vi ser fram til å finne fleire bruksområder for denne.

For å bruke Sphero SPRK+ meir effektivt har vi laga labyrint på golvet på rommet. Målet er å utvide dette til fleire labyrintar med ulik vanskegrad.

Fleire oppdatering vil kome undervegs.

 

Ulike bilete frå skaparverkstad: