Samling for dysleksivennleg skular

24. og 25.september var det samling for dysleksivennlege skular i Lillestrøm. Knappskog skule er ikkje blitt sertifisert som dysleksivennleg skule enda, men vi er inne i ein sertifiseringsprosess. Vi håper å få på plass denne sertifiseringa i løpet av hausten. På denne samlinga var vi difor tilstades for å lære.

Samla på Scandic Lillestrøm var over 200 lærarar og skuleleiarar som enten er eller ønsker å bli dysleksivennlege.  Frå Knappskog var spes.ped lærar Eirin Marie Tveito og avdelingsleiar Ingvild Vikingsen Skogestad.  Innhaldet i samlinga varierte frå plenumsforedrag til små samtalegrupper/småforedrag om valte emner.

Plenumsforedraga første dag var det Statped som sto for. Marianne Akselsdotter hadde eit innlegg om matematikkvanskar og dyskalkuli og Gitte Gjesdal eit om korleis vi kan bruke teknologi i tiltaksarbeidet for barn og unge med språkvanskar. Spesielt i dette siste foredraget var det kjekt å sjå at våre val går i rett retning.

Vidare var det småforedrag om blant anna språkvanskar,  verktøyet Lingdys, korleis leie arbeid med dysleksivennleg skule, korleis tolke Logosresultat og IKT ansvarleg som ressurs. Om kvelden var det festmiddag.

Andre dag starta med fleire småforedrag/workshops om blant anna gode appar, foreldresamarbeid og førebyggande arbeid i begynnaropplæringa. Dagen vart avslutta med plenumsforedrag av ein forskar frå Universitetet i Bergen, Turid Helland,    som fortalte både om det historiske perspektivet i dysleksi og om eigen forsking på dette feltet.

Det var ei spennande samling, med mykje matnyttige tips og informasjon som vi kan ta med heim til eigen skule. Vi ser fram til å bli enda betre på arbeidet vårt med barn med både dysleksi og dei som har andre utfordringar. Foldnes skule hadde med 4 representantar på samlinga, og det var kjekt å kunne gå i tospann med dei her.