Oppstart

Då var vi godt i gang med skuleåret 2018/2019! Oppstarten av eit nytt skuleår er alltid hektisk, og slik var det også i år. Lærarane starta sitt arbeidsår måndag, medan elevane møtte til første skuledag torsdag.

Lærarane hadde då tre planleggingsdagar i forkant, før elevane kom. Desse vart brukt til både kompetanseheving og førebuing til det nye skuleåret. Vi har blant anna eit ønske om at alle iPad-lærarane våre skal bli noko som heiter Apple teacher. To av lærarane har allereie tatt denne sertifiseringa. Tysdagen var dei fleste lærarane på Ågotnes og deltok på den andre samlinga om Learnlab og om djupnelæring/ fagfornyinga.

Kompetanseheving — > Apple teacher

Vi er framleis ein heildigital skule, og på småtrinnet vidarefører vi satsinga på iPad. Nytt av året er at to av mellomtrinnsklassene skal over på Chromebook. 5. trinn er i tillegg så heldige at dei får pilotere ein Acer Chromebook med penn. På den måten kan vi vidareføre og vidare utvikle dei gode erfaringane vi har gjort oss med Surfacemaskina. På mellomtrinnet vil vi også halde fram med Office 365 og ikkje gå over på Google si løysing – G-Suite. Vi vil heller ta i bruk noko som heiter Teams som er ei klasseromsløysing som sentrerer seg rundt One Note.

Elevane på mellomtrinnet i gang med Chromebook og Teams

Vi har også vore så heldige å få snakke om Digg Læring denne veka. På tysdag deltok vi på ein ungdomsskulekonferanse i Fyllingsdalen der vi fekk dele litt om pedagogikken og den heilskaplege tanken bak prosjektet vårt.

Terje frå Rothaugen fortel om internasjonalt samarbeid på konferansen på Lynghaug i Fyllingsdalen

Seinare samme dag sto Arendalsuka på programmet. Der var det ein debatt i regi av Lær Kidsa koding om korleis vi skal lære ungane å skape teknologi, ikkje berre snakke om at dei skal det. Vi fekk dele litt om korleis vi har kome i gang med koding på vår skule, og kva tankar vi har om korleis ein skal få med fleire. 

Fredag var det lærarane i Holmestrand som fekk høyre om prosjektet vårt og den heilskaplege tanken vår om digital undervisning. Det er alltid kjekt å reise rundt og ha sjansen til å fortelje andre om vår filosofi og våre erfaringar!

Holmestrand

Etter ein kjekk og intens oppstart ser vi fram til resten av skuleåret! Vi gledar oss til å bli kjende med dei nye førsteklassingane våre og til alt det spanande det nye skuleåret måtte bringe!