NKUL 2018

  NKUL – Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring vart i år arrangert 7. – 9.mai. Dette er ein nasjonal konferanse som blir arrangert på NTNU i Trondehim kvart år i starten av mai. Årets konferanse var den 25. i rekka. NKUL er den største digitale konferansen i Noreg, og den samlar deltakarar og utstillarar frå heile landet. På NKUL er det mange parallelsesjonar, utstiller seminar og verkstadar. Der er også ei utstilling der ein kan møte store delar av den norske ed-tech (utdanningsteknologi) bransjen og dei store forlaga. På konferansen får ein høyre kva som skjer i klasserom rundt omkring i landet og følgje med på dei nyaste trendane i digital undervisning.  Forlag og ed-tech bransjen brukar konferansen til å vise kva nytt dei jobbar med og korleis dei jobbar i tråd med samfunnsendringane. Sentralt i år var difor både den nye GDPR-lova og ikkje minst korleis det blir jobba fram mot fagfornyinga. På NKUL er det eit høgt fagtrykk på dagtid og mykje som skjer på den sosiale sida på kvelden. Om kvelden møtes ein på uformell grunn for vidare samtale om både viktige emner og ikkje fullt så viktige.

Gjengen i Trondheim
Mingling med Creaza

      

Øyvind fortel om One Note

Vi på Knappskog var så heldige at vi fekk ha verkstad andre dagen av konferansen. I introen før vi fekk sleppe til kom det fram at verkstad frå oss var ønska allereie før ein starta med planlegginga av årets program.  Vi hadde kalla verkstaden vår for Digg Læring – vår tanke om heilskapleg digital undervisning. Vi var fire stykker som hadde denne, Siri Eide, Monica Fjeldstad, Øyvind Opheim Rise og Ingvild Vikingsen Skogestad, Vi ønska å presentere korleis vi jobbar og ikkje minst korleis vi definerer heildigital undervisning. Vi ønska også å få fram heilskapstanken både på trinn og fag. Vi tenker likt frå 1. – 7.trinn til tross for ulike einingar, plattformer og verktøy.

 

Verkstaden var i eit av dei største auditoria og der var mellom 250 og 300 deltakarar. Tilbakemeldingane etter verkstaden var gode, og det er mange som er imponerte over korleis vi tenker skule. Ein av dei beste tilbakemeldingane vi fekk var at det var mange som hadde lyst å jobbe hos oss fordi det såg ut som vi hadde det så kjekt på jobb.

Målet er ikkje å vere lærebokfrie, men å vere fri frå læreboka
Siri og Monica fortel om begynnaropplæringa

  

Vi var seks lærarar som var på NKUL. I tillegg til dei fire som hadde verkstad var Åse Urdal og Kaja Venge der.  Vi reiser alle heim med nye intrykk, ny inspirasjon og ei kjensle av at vi er på rett veg. Vi opplevde stadig vekk at folk hadde høyrt om oss, både før innlegget og sjølvsagt spesielt etter. Det er kjekt å kome seg litt ut, få fortelje om det vi driv med og oppleve at andre er imponerte.  Mange har tatt kontakt for vidare samarbeid, noko vi ser fram til. Det er også kjekt å oppleve å bli høyrt og at vi får spele ei rolle i det som skjer i ed-tec/forlagsverda i framtida.

Kjetil I Cappelen Damm
Live map i Kikora for Hordaland

Det er ikkje det at vi trur vi er så veldig flinke, men vi trur at vi har funne den rette vegen mot framtidsskulen. Kan vi hjelpe andre inn på denne, er det berre ein bonus for oss. Det viktigaste for oss er å ha eleven i fokus. Fokusere på at eleven skal bli motivert, meistre og lære. Fokus på balanse og at vi berre brukar IKT der IKT kan gi meir læring og meistring. Det viktigaste er ikkje å vere lærebokfrie, men å vere fri frå læreboka.

Takk for oss NKUL, fantastisk kjekt som alltid! Håper vi møtes igjen neste år!

Tyholttårnet
Trondheim