Nasjonalt digitalt lesedøgn

Småtrinnet på Knappskog har deltatt på nasjonalt digitalt lesedøgn i regi av Samlaget som markering av deira 150 års jubileum.

Etter ein litt humpete start på det nasjonale lesedøgeret på onsdag der systemet ikkje ville samarbeide var alle elevane på 4. trinn i full gong med å lese nynorskbøker på torsdag. Ekstra stas var det at vi fekk besøk av representantar frå Lesemeister som er portalen vi les på. Elevane lurte på om det var appen som skulle kome på besøk? Dagen starta med individuell lesing der elevane valde bøker sjølv i den digitale bokhylla. Etterpå las/ lytta alle til ei felles bok «Bestevener». Denne boka hadde vi ein boksamtale om. Elevane fekk først fortelje kva boka handla om til læringsvenane sine. Så hadde vi ein samtale i klassen om dei ulike personane i boka, om det som hende og kva dei sjølv ville gjort om dei var i ein liknande situasjon. Elevane skulle så velje seg ein karakter frå boka og lage sin eigen historie om denne personen. Dei laga då ein teikneserie i Creaza. Heilt til slutt viste Rune frå Lesemeister elevane korleis den nye quizfunksjonen virkar. Det var stor stemning når klassen klarte å score 100%

.