Mosjonsløp

Fredag 12.april, siste dag før påske, arrangerte Knappskog skule Team Rynkeby skoleløp til inntekt for barnekreftforeningen. Det var sol heile dagen, noko som skapte ei fantastisk ramme rundt arrangementet. Team Rynkeby stilte med ein representant, som delte ut sjokolademelk og smøreost til elevane etter løpet. I tillegg var Hans Jarle Einarsen frå Sartor her. Han brukar maratonspringinga si til å samle inn pengar til Krafttak mot kreft. Han var med på å springe dette løpet som eindel av dei maratonane han skal fullføre dette året. Sartor er også med på å sponse elevane våre.

Elevane sprang i to omgongar. Klokka 9 starta vi med oppvarming for alle før det var løpsstart for 1. – 4.trinn. Dei fleste av desse elevane sprang ei løype på 300 meter, nokre av dei eldste sprang 1km. Elevane skulle sjå kor mange runder dei klarte å springe på ein halv time, og mange hadde avtalt sponsing pr runde. Imponerande innsats! Elevane fekk saft når dei var ferdige. Dei fekk også bollar under lunsjen.   Klokka 11 var det igjen oppvarming for alle før det var løpsstart for 5. – 7. trinn. Elevane på dei eldste trinna sprang runder på 1 km. Hans Jarle sprang på begge løpa, i tillegg var det nokre av lærarane som sprang. No ventar vi i spenning på resultatet. Både kor langt vi har sprunge totalt, og ikkje minst, kor mykje pengar vi har samla inn. Oppdatering vil kome!

Dette vart ein fantastisk dag, med mange glade barn og vaksne. Elevane var like ivrige på både springing og heiing. Dette gav meirsmak! Tusen takk til alle foreldre som stilte opp som løypevakter og bollebakarar. No håper vi at alle får ein fantastisk fin påskeferie!

For info om Team Rynkeby og Barnekreftforeningen gå til: https://www.team-rynkeby.no/skoleloepet.aspx
og https://www.barnekreftforeningen.no/