Mellomtrinnet

Mellomtrinnet brukar Chromebook og Microsoft Surface – vi har valt å halde fram med O365 og ikkje gå over på G-suite.

6. trinn har matblogg: Digg Næring. Du kan og følgje dei på instagram

Vi har også YouTube-kanal – Digg Læring

Viktige verktøy på mellomtrinnet

(i tillegg brukar vi dei forskjellege forlaga og læreverka sine nettoppgåver)

 

  • OneNote – Lærebok og kladdebok. Blir brukt både som lærings- og delingsplattform. Viktig element i det papirlause klasserommet
  • Teams – Samarbeidsramma rundt OneNote med samtale og oppgåvefunksjon
  • Creaza – kreativt verktøy med teiknesere, film- og lydredigering, tankekart og muligheit for å gjere om tankekartet til presentasjon. Det ligg mange ferdiglaga oppgåver i Creaza, men ein kan også lage sjølv. Elevane hentar informasjon frå andre plassar for å presentere i Creaza.
  • Salaby/ Kanal S – digitale læringsressursar i dei fleste fag
  • Kahoot – brukt til å hente inn førehandskunnskap og kartleggje etterkunnskap. Kan lage eller finne quizar innanfor alle tema
  • Quizlet – program for ordinnlæring. Blir brukt både i engelsk og norsk. Bra for å lære bøying, omgrep og gloser
  • O365 – Word, PowerPoint, Excel, Forms, Sway
  • Flipgrid – Munnleg respons på spørsmål. Elevane lagar små videosnuttar som svar på oppgåver.
  • IntoWords – eit digitalt verktøy som gjer det lettare å lese og skrive og lære. Verktøyet gir lese- og skrvestøtte i skya og på tvers av plattformer

Matte:

  • Multi Smart Øving – adaptivt verktøy i matte. Verktøyet avdekkar kva førehandskunnskap som manglar, og sender elevane tilbake til den.
  • Kikora – digital matematikk. Elevane vel sjølv nivå dei vil jobbe på. Engasjerande mattemaraton i mai.
  • Campus Inkrement – omvendt undervisning i matte. Radiusverket som videoforelesing og med kontrollspørsmål undervegs
  • M+ – ein nettbasert app for å lage eigne oppgåver i matte.

Koding:

Du kan lese meir om kodesatsinga vår her

DENNE SIDA ER UNDER UTVIKLING!