Mattemaraton 2018

Kvart år i mai arrangerer Kikora mattemaraton. Mellomtrinnet på Knappskog har deltatt dei to siste åra. Nytt frå i år er at det er laga maratonløp for alle elevar, heilt ned til første klasse. I år skal difor alle klassene på Knappskog delta i mattemaraton! Erfaring frå tidlegare år seier at matemaraton er motiverande for elevane. Spesielt sidan ein heile vegen kan sjå korleis vi ligg an i høve til andre skular både i kommunen, fylket og landet.

Her kan du finne live map – oppdateringa

Målet for mattemaraton er at alle elevane skal gjennomføre minst eit løp/ ein maraton på 420 oppgåver. Når dei har fullført eit løp kan dei gå opp eit nivå for å fullføre nye løp.

I starten av maratonen har vi opplevd ein del teknisk krøll, vi håper dette blir utbedra fort, slik at mattemaratonen kan bli vårens vakraste eventyr, slik Kikora sjølv seier.

I starten av dette skuleåret var to 7.klassingar frå Knappskog med på den store mattemaratonfinalen i Oslo. Det kan ein lese meir om her.

Her er nokre bileter før første dag. Elevane er i gang både på mellomtrinn og småtrinn, med Surface og iPad