Læring på digitale flater

Torsdag 8. og fredag 9.mars var det duka for konferansen Læring på digitale flater i Bergen. Knappskog skule hadde tre representantar med på konferansen. Det var to interessante dagar med mykje digitalt fagleg innhald. Kort oppsummert sit vi igjen med at vi er på rett veg i vår digitale snu operasjon.  Det kan også sjå ut som vårt val av OneNote til hovudverktøy på mellomtrinnet har vore eit smart val.

Øystein Gilje

Konferansen vart starta av Øystein Gilje som blant anna snakka om bruk og forsking på digitale verktøy. Han er sjølv forskar. Etter fleire speedforedrag frå utstillarar/forhandlarar var det vår tur.  Foredraget hadde namnet «Når Office365 blir elevane sitt arbeidsverktøy» og handla om kva som skjer når skya blir elevane sin arbeidsplass.

Etter fleire parallellforedrag med utstillarar/forhandlarar var det Simen Spurkland

Simen Spurkland

sin tur. Han er lektor på Vøyenenga ungdomskole i Bærum. Erfaringane han sit med etter fleire år med iPad i sine klasser, er veldig like erfaringane vi har med digitaliseringa. Som ein kan sjå av biletet , meiner han det digitale potensialet er:
Lavere terskel for produksjon.
Økt produksjon, mer trening.
Utvidet verktøykasse for tilpassing.
Mer gjennomsiktige prosesser.
Mer effektivt, mer tid.
Flere arenaer og former for relasjon.
Delingskultur, personvern og kildeforståelse.
Sosial utjevning og kjønnsnøytralt

 

Fredagen starta med eit foredrag av Magnus Nohr, høyskolen i Østfold. Han snakka om elevaktiv læring med digitale hjelpemiddel. Han fortalte og viste kor viktig det er å kombinere verktøy, lære elevane digital studieteknikk og viktigheita av å bruke hjelpemiddel som tradisjonelt har blitt brukt på enkeltelevar til alle elevane.

Etter nye speedforedrag var det igjen vår tur. Temaet var Digg læring og kva som skjer når vi går 1:1. Det er alltid kjekt å få fortelje om korleis vi jobbar og dele våre tankar om heildigital undervisning.

 

Etter nye parallellseminar var konferansen slutt. Det var to dagar fylt av gode samtalar. Det er alltid kjekt når lærarar og edtech-bransjen kan møtes på ein slik måte.