Kreativitet – UH-samarbeid

Knappskog skule er med på desentralisert kompetanseutvikling i Ytre Midthordaland. I samband med dette samarbeidar vi både med Høgskulen på Vestlandet og SLATE ved Universitetet i Bergen. SLATE sitt fokus er kompetanseheving for heile personalet. I haust var temaet forsking på eigen praksis som ein kan lese meir om her.  Temaet for våren er kreativitet. Vi er opptekne av den kreative sida av djupnelæringa og den kreative eleven og ønsker å auke vår kompetanse her. Dette temaet heng også saman med arbeidet vårt med skaparverkstad og koding.

Tysdag 12.mars var det workshop om Kreativitet ut frå forskjellar. Ingun Ness frå SLATE hadde med seg Vlad Glaveanu frå Webster University i Geneve. Vlad starta med litt teori om kreativitet før det var vår tur til å prøve å vere kreative. Vi lærte ulike steg for kreative gruppe prosessar, som vi så prøvde ut i praksis. Første steg er å finne eit problem vi ønsker løysing på.  Andre steg å få fram ulike perspektiv og finne ei løysing på problemet.

Det var ei engasjert samling av lærarar og studentar som deltok på denne workshopen. For tida har vi på Knappskog fire ulike studentgrupper som har praksis hos oss. Det var veldig kjekt å ha deira kreative tankar med i denne workshopen.

Kreativitet skal vere fokus utover våren i tospann med fagfornying. Kreativitet er ein av dugleikane for det 21.århundret som det er fokus på. SLATE kjem tilbake seinare på våren for oppfølging av denne workshopen her. Vi ser fram til vidare samarbeid!