Kommunalpolitisk toppmøte

20. mars vart kommunalpolitisk toppmøte arrangert i Oslo. Tema for årets møte var digitalisering, men tittelen «Ingen grunn til panikk». Knappskog skule var invitert til å vere med på konferansen for å vise deltakarane korleis framtida ser ut. To av våre elevar, Mia på 6.tinn og Jonas på 7.trinn, hadde den ære av å avslutte heile toppmøtet.

På konferansen var dei fleste av landets ordførarar representerte. For vår region stilte Børge Haugetun, ordførar i Øygarden kommune. Temaet var digitalisering og på scena var blant anna kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland og leiar i arbeiderpartiet, Jonas Gahr Støre. Naturlegvis var fokuset på scena også retta mot det som har skjedd regjeringa i det siste. Det var også humoristiske innslag frå scena. I forkant av Monica Mæland sitt innlegg haldt skodespelaren Fritjov Såheim tale som ordførar i den fiktive kommunen Roeng. Både karakter og kommune er kjend frå ein humorserie på TV2.

Fritjov Såheim som ordføraren i Roeng
Jonas Gahr Støre hausta stor applaus når han kom på scena

 

 

 

 

 

 

 

 

Mia og Jonas fekk æra av å avslutte møtet. Som introduksjon til denne avslutninga vart det vist ein film der rektor Odd Erik Kjeldstad, på ein mobiltelefonskjerm, forklarte hovudtankane i digitaliseringa vår.

Mia

Etter dette var det elevane sin tur. I ein samtale med Anne Grosvold fekk dei fram korleis det er å jobbe digitalt. Dei fekk også fram at det ikkje er nokon grunn til å frykte framtida eller digitaliseringa.

Mia og Jonas i samtale med Anne Grosvold

Det er ingen grunn til panikk. Vi er stolte av korleis dei to elevane takla oppgåva og over måten dei profilerte skulen vår på.  Dei fekk skryt av tilhøyrarne, inkludert Øygardsordføraren.

     «

Mia, Jonas og Børge Haugetun