Kodetimen

I veke 49 blir den internasjonale kodetimen, «hour of code» arrangert.  Knappskog skule har sjølvsagt vore påmeldt med alle sine klasser.

På Knappskog har alle elevar ein time koding på timeplanen i veka. Denne veka har vi likevel prøvd å ha eit ekstra fokus på koding, og mange klasser har brukt kodetimen sine opplegg i staden for dei opplegga dei vanlegvis brukar.  Desse opplegga finn de her. Eit ekstra fokus på koding vart det også denne veka då vi fekk besøk av Acos. Film frå dette besøket kan de sjå her. I tillegg til dette vart vi også tildelt årets innovasjonspris i regi av IKT-senteret. I grunngjevinga frå senteret vart vårt fokus på koding lagt vekt på.