Kodetimen 2018

I veke 49 vart den internasjonale kodetimen arrangert. På Knappskog har alle klassene vore med på dette. På Knappskog har vi koding på timeplanen kvar veke for alle trinn. Det er likevel kjekt med eit ekstra fokus på koding, slik som kodetimen gir. Denne veka har vi også gjennomført dei tradisjonelle julefestane våre, så litt koding mellom slaga har vore kjekt. Vi nytta kodeveka til å få lage ein Sphero-  labyrint med tape på golvet i skaparverkstaden vår. Denne håper vi blir brukt hyppig i tida framover. Vi har også tenkt å lage fleire slike. Kodesatsinga vår kan du lese meir om her. Skaparverkstaden vår står det om her

Her er ei oversikt over kva dei ulike klassene har jobba med denne veka:

1.trinn kodar for tida på appen Run Marco på iPaden.

2.trinn har koda på appen Coding, ein iPad app der elevane lærer engelsk og koding på sametid som at det er ein musikk-app.

3.trinn har jobba med opplegga på Kodeknekkerne på NRK Skole. Dei har også brukt appane Box Island og Lighhtbot.

4.trinn har starta med Lego Wedo. Der har dei bygd og koda robotar, vindmøller og sluser

5.trinn har jobba med Scratch. Dei har både jobba med spel og vist for dei andre det dei har jobba med. Dei har også sett nokre av episodane om Kodeknekkerne

6.trinn har koda med Micro:bit

7.trinn har jobba med forskjellege fysiske objekt i tillegg til Micro:bit og Arduino. Dei har koda Spheroball og droner og bygd og jobba med Lego Mindstorms.

   

Sidan vi er så heldige å ha kodetime kvar veke, skal alle elevane våre ha dette neste veke også.