Knappskog skule fekk på onsdag denne veka besøk av ein delegasjon med utdanningstoppar frå Kroatia.

Dei er i Noreg i samband med eit utdanningsprosjekt i regi av DIKU, som har ansvar for å forvalta EØS-midlar på vegner av Kunnskapsdepartementet. Med i delegasjonen var representantar frå skulesystemet i Kroatia samt den kroatiske ambassaden i Noreg.
Delegasjonen ville sjå digital undervisning i praksis, og korleis den pedagogiske tilnærminga i klasserommet blir endra med ny teknologi og digitale verktøy. Særleg var dei interesserte i skulen sitt skaparverkstad, som er bygd opp for å stimulera elevane til vera utforskande og kreativ med teknologi i kombinasjon med tradisjonelle handverksfag og programmering.
Odd-Erik Kjeldstad
rektor Knappskog skule