Innovasjonsprisen 2018

Knappskog skule har mottatt Senter for IKT i utdanning sin innovasjonspris for 2018. 

Frå pressemeldinga til IKT-senteret:

­– Knappskog får Innovasjonsprisen for sitt fokus på koding som verktøy for å gi elevene digital kunnskap og kompetanse på tvers av fagene, sier direktør Trond Ingebretsen ved Senter for IKT i utdanningen.

Rektor Odd Erik Kjeldstad er storfornøyd med Innovasjonsprisen.

 – På vegne av elevar, foreldre, lærarar og leiing ønskjer eg å takke juryen for at dei valte Knappskog skule som årets vinnar. Det var eit godt val. Vi har sidan vi starta prosjektet DiggLæring jobba målretta med å gjere undervisninga meir moderne og framtidsretta. Fokuset har heile tida vore å sikre kvalitet i undervisninga ved bruk av pedagogisk tilrettelagte, digitale verktøy. Resultatet har vist auka motivasjon og betre læringsresultat. Vi har innført koding i undervisninga på alle trinn, og vi har utvikla ein eigen kodeplan på skulen. Vi ser at elevane treng kunnskapen og at kompetansen vil bli særleg viktig i framtidas arbeidsmarknad. Koding er óg sentralt i arbeid med å gi elevane dei 21. århundrets ferdigheiter

Les heile IKT-senteret si pressemelding her