Gresk professor på besøk

Fredag 15.06 hadde vi besøk av Kjetil Egelandsdal frå SLATE. Han hadde med seg den greske matematikk(didaktikk) professoren Chronis Kynigos frå Aten. Kyginos jobbar med korleis undervise i matematikk gjennom blant anna koding og små digitale forsøk. Han har vore med å utvikla software for dette som er i bruk i Hellas. I tillegg til matematikk skal desse programma også lære elevane om blant anna berekraftig utvikling og helse.

Kyginos viser eit av programma han har vore med å utvikle

Kyginos var interessert i korleis vi jobbar med matematikk her, og på kva måte elevane får vere med å skape noko i matematikktimane. Han fekk informasjon om skaparverkstadtanken og om kva vi meiner er viktige prinsipp i matematikkundervisninga. Han var innon 7.klasse der han fekk sjå elevar jobbe med ulike verktøy, både adaptive verktøy og verktøy som legg til rette for omvendt undervisning. Elevane viste også korleis dei jobbar med logiske oppgåver og korleis dei jobbar med koding.

Dei besøkande fekk også sjå resultat av prosjekt vi har jobba med, både 3d printing og også dei ubrukelege robotane som 6.trinn har laga. Dei fekk også sjå kva utstyr vi har kjøpt inn til kodinga. Der også den nyaste boka vi har kjøpt, Hei Ruby, som er ein inngangsport til algoritmisk tenking.

Vi takkar for besøket og gledar oss til å teste dei nye verktøya vi fekk vist.