Forsking på eigen praksis

Knappskog skule er med på prosjektet desentralisert kompetanseutvikling. I den samanheng har vi samarbeid både med SLATE, UiB og Høgskulen på Vestlandet. 28.08.18 gjekk startskotet for samarbeidet vårt med SLATE.

Samarbeidet vårt med SLATE fokuserer på kompetanseheving for alle lærarane. Då i første omgang i form av forsking på eigen praksis. Vi starta opp med informasjon og kunnskapsdrypp om metoden vi skal bruke på dette, TISL (Teacher inquiry into student learning). Dette er ein metode på 7 steg. Gjennom økta med Cecilie Johanne Slokvik Hansen, Ingunn Johanne Ness og Kjetil Egelandsdal fekk lærarane også byrja på desse stega. Målet var å finne noko i eigen skulekvardag som vi vil forske på, for så å utarbeide eit forskingsspørsmål. Lærarane vil i tida framover hente inn informasjon slik at dei i slutten av november er klare for å presentere forskingsresultatet sitt for dei andre lærararne. SLATE skal igjen forske på vår forsking.

Det var mange ivrige lærarar som laga mange gode spørsmål. Vi brukte eit verktøy kalla Flinga for digital planlegging og idemyldring på gruppene. Det blir spanande å sjå kva forskinga denne hausten vil lære oss, og kva dei fem gruppene konkluderer med. Målet er sjølvsagt å auke kompetansen vår, for å bli enda betre lærarar.