Forsking på eigen praksis – framlegging av resultat

Tysdag 27.11.18 hadde vi igjen besøk frå SLATE, UiB, ved Cecilie Slokvik Hansen og Ingunn Johanne Ness. . Vi har denne hausten jobba med å forske på eigen praksis, og no var tida komen for å legge fram analyseresultata. Tidleg i haust hadde vi første samling der vi fekk ein innføring i TISL-metoden og også fekk hjelp til å starte våre eigne prosjekt. Vi har hatt fem grupper som har jobba med forskjellege problemstillingar. To småtrinnsgrupper, to mellomtrinnsgrupper og ei gruppe frå innføringsklassa. Etter å ha laga problemstilling og hypotese på første samlinga starta innsamlinga av data i klasseromma. Cecilie Slokvik Hansen var innom for å rettleie gruppene i sluttprosessen, og no var tida komen for å legge fram desse resultata.

1.gruppe presenterte eit prosjekt på mellomtrinnet der dei ønska sjå om alternative arbeidsmåtar som Minecraft kan auke motivasjonen for enkelte elevar. Konklusjonen førebels var at dette hadde ein positiv effekt på elevgruppa og at det skal bli spanande å sjå korleis dette vil halde fram.

2.gruppe hadde sett på arbeidet med tiarvennar på småtrinnet. Dei ønska å sjå nærare på gapet mellom det å «pugge» tiarvennane og det å faktisk kunne bruke dei i rekning. Mange elevar kan tiarvennane når dei blir spurt, men kan ikkje bruke dei til noko. Gruppa prøvde difor å gjere om på måten dei jobba med emnet på, både med overlæring og ved å fokusere på forståing. Det er for tidleg å konkludere om dette er til hjelp, men det har endra måten dei jobbar med temaet på.

3.gruppe hadde sett på bruk av Flipgrid i matematikk på mellomtrinnet og om dei ved hjelp av dette verktøyet kunne identifisere elevane sine ulike løysingsstrategiar i divisjon, for å tilpasse undervisninga til den enkelte. Dei kunne melde tilbake at dette var eit svært nyttig verktøy, og at det gav mange nye og betre moglegheiter for både tilbakemelding til elevane og tilpassing til kvar enkelt.

4.gruppe hadde sett på om arbeid med Aski Raski systematisk kunne auke lesehastigheit på elevar som hadde tempoutfordringar. Gruppa konkluderte med at det var eit godt verktøy, men at perioden var for kort for å sjå om det faktisk var eit utbytte for den utvalde elevgruppa

.

5.gruppa var frå innføringsklassa og dei hadde sett på forskjellane mellom å ha alle elevane 1. – 7. i same klasse opp mot deling i småtrinn og mellomtrinn. Gruppa konkluderte med at på alle punkt var det ein fordel å vere delt, både for elevar, lærarar og læringsutbyttet.

Det var interessant å høyre på dei forskjellege gruppene og kva dei har jobba med. Alle lærarane har lagt ned ein stor innsats i dette prosjektet!     No blir det spanande å sjå om ein kan konkludere meir på nokre av problemstillingane når ein får jobba meir med dei ulike hypotesene. Samarbeidet vår med SLATE skal halde fram og det blir spanande å sjå kva 2019 skal føre med seg.

Her kan du lese litt om kva SLATE skriv på sine sider