First LEGO league jr – Oppdrag 2019 Boomtown build

På Knappskog har vi gjort det til tradisjon at 3.trinn er med i First LEGO league junior. I fjor var temaet Mission Moon. Temaet for 2019 var Boomtown build. I 8 veker frå og med 14. september har elevane på trinnet utforska ei problemstillng frå det verkelege liv, og prøvd å finne ei løysing på denne som dei viste fram i ei turnering i Bergen 9. november.  Dette kan de lese meir om på https://hjernekraft.org/fll-jr/forside

Årets oppdrag var å bygge ei bygning til byen Boomtown. ved å bruke LEGO Wedo 3. trinn hadde med seg to lag som hadde løyst denne utfordringa på ulik måte. Laga har jobba med å planlegge og bygge kvar sine bygg som skulle vere miljøvennleg, solid og/eller tilgjengeleg for alle. Dei har laga mange nye idear for ei god og sunn framtid. Laurdag fekk dei vise fram alt saman på turnering i First Lego League jr. Det var veldig spenande og gøy for å elevane å vere med på turneringa. Det har også vore eit veldig lærerikt prosjekt for elevane. Ein ekstra takk til Kaja Venge og Marie Kjeldstad som har gjennomført prosjektet på 3.trinn.

Vi ser fram til LEGO league jr neste skuleår for neste års 3.trinn. Det blir spanande å sjå kva oppdrag som kjem då. Kanskje skal vi også melde på ei mellomtrinnsklasse i First LEGO league neste år? For dei store elevane er det EV3 robot og Lego mindstorms det går i.