FAQ

Frequently Asked Questions om Digg Læring

Har du andre spørsmål enn dei som er svart på under, kan du sende e-post hit.

Blir barna sine persondata solgt til Google når dei no får Chromebook?

For det første blir ingenting lagra på Chromebooken. Lagring skjer i skytenesta til Google – G Suite. Den har vi hos oss valt å ikkje bruke. Vi lagrar i O365 – Microsoft si teneste.

Når det gjeld G Suite er Google veldig opptatt av at dei IKKJE skal selge/bruke informasjon som blir lagra via utdanningskontoane i G Suite. Dei gjer det på vanlege kontoar, vanleg Gmail, men går hardt ut med å hevde at dette ikkje skal skje med education kontoane. Forsking viser at dei vanane/ verktøy ein brukar/ lærer å bruke på skulen vil ein halde fram å bruke seinare. Google satsar dermed på at dei skal få pengane sine når elevane blir vaksne og skal lage seg eigne kontoar. Både G-Suite (Google) og O365 (Microsoft)har gode databehandlaravtalar etter det nye GDPR-reglementet.

 

Er der forsking som støttar bruk av digitale verktøy i undervisning?

Det er førebels lite forsking på området. Den forskinga som finst viser at det er bruken av verktøya som er viktig og ikkje kva type verktøy som blir brukt. Erfaringa vi har frå dei siste to åra er at vi får meir motiverte elevar som skårar bra på kartleggingsprøver.

På Fabelaktig formidling si facebookside kan vi lese:

«Er du skeptisk til bruk av PC i klasserommet? Forskere har nå konkludert at PC-bruk fornyer lærernes undervisningspraksis og påvirker måten de kommuniserer med elevene på. Viktige verdier i skolen, som deltakelse, deling og involvering, kan bli styrket når teknologien brukes på en god måte i klasserommet.

Det er måten teknologi brukes på som avgjør hva slags læringseffekt det har. Det handler om formålet og kvaliteten, ikke formatet i seg selv forteller Hege Rødahl Scarpellino og Marte Blikstad-Balas i et tidligere intervju med Fabelaktig Formidling: Framtidas skole starter nå«

Universitetet i Stavanger og lesesenteret i Stavanger har forska og skrive saka:PC i klasserommet får lærere til å tenke nytt

Kva er STL+

Her er ein film som fortel kva STL+ er

Korleis kome i gang med OneNote?:

 

OneNote-appen på mobil/ PC/ Ipad/ Chromebook:

  1. Logg inn med feidebrukarnamn@offentleg.no
  2. Tilhørighet: Fjell kommune
  3. Feidepassord
  4. På appen trykker du så på dei tre strekane (meny) i venstre hjørne
  5. Velg Flere notatblokker og så den boka du vil åpne

Kva erstatningsansvar har vi som foreldre?

For elevar med Surface er det erstatningsansvar på ladarar og pennar som blir mista eller bevisst øydelagt. Når sjølve brettet (Surface eller iPad) blir øydelagt er det viktig å ta raskt kontakt med skulen for å finne ut kva ein gjer i den aktuelle saka.

Fører ikkje dei digitale verktøya til for mykje stillesitting?

I all undervisning, både digital og tradisjonell, er det viktig med variasjon. I løpet av ein skuledag skal elevane møte mange ulike undervisningsmetodar. Elevane skal framleis vere ute og leike, jobbe med konkretar i klasserommet og gjere praktiske oppgåver. Erfaringar frå prosjektet vårt viser at dei digitale verktøya gir meir tid til praktiske oppgåver. Vi har også eit fokus på fysisk aktivitet og har dette skuleåret eit mål om å dra fysisk aktivitet også inn i dei teoretiske faga.

Er skrivestillinga god for elevane?

Det er ikkje så stor forskjell på skrivestilling i bok eller på brett. Det er uansett viktig at elevane sit med beina godt planta i bakken og med brettet føre seg på bordet. Armane skal ligge ca. 90 grader på bordet. Brettet skal ikkje ligge i fanget når dei gjer lekser. Når elevar skriv på brettet med penn er det viktig at det ligg ned. Når elevane skriv med tastatur skal brettet stå i ein vinkel som gjer at eleven ikkje treng bøye nakken.

Slik sitter du riktig

Korleis er det med digitale verktøy og ergonomi samanlikna med tradisjonell undervisning?

Å skrive på nettbrett og å skrive med blyant gir begge belasting. Bretta gir ei anna belastning enn bok, med brett og tastatur bruker ein begge hendene (kjem an på teknikk og oppgåvetype), belastninga vil då fordele seg på begge hendene, og ikkje berre på ei hand. Belastninga kjem og an på grepet ein har når ein skriv, skriving for hand gir meir belastning jo mindre modent grep ein har. Nettbrett i riktig vinkel gir mindre belastning på nakke, dersom bordet også er i rett høgde. Det vil også vere rettare for augene.

Eit eksternt tastatur gir rettare vinkel og det er lettare å bruke to hender og rett skriveteknikk. Utan tastatur og støtte på skjerm vil dei fleste sitte med nakken bøygd ned i bordet for å sjå, og dei vil bruke ein eller to fingrar til å trykke med.
Det er viktig å få inn skrivegrep og skriveretning tidleg, men det er ikkje ei «enten eller» tenking, heller «både og», der handskrift kjem inn som eit supplement til iPaden. Å lære å skrive på iPad er OK så lenge ein også får øve på skrift/skriveretning/blyantgrep.

Blir det for mykje skjermtid? Kva er anbefalt tid? Kor seint på kvelden er det lurt å bruke skjerm?

Norske myndigheiter har ikkje kome med konkrete anbefalingar for skjermtid for barn, men latt det vere opp til den enkelte familie. I vår undervisning fokuserer vi på variasjon, og elevane skal ikkje bruke heile skuledagen sin til å sjå på skjermen. Interoptik har nokre gode retningslinjer på si internettside:

4 tips om Ipad og barn i skolealder:

  • Lag en plan over mediebruken i familien som beskriver hvilke typer medier familiemedlemmene bruker og hvor ofte. Dette må inkludere foreldrene.
  • Følg retningslinjene om daglig fysisk aktivitet (en time) og søvn (8-12 timer, avhengig av alder).
  • Unngå bruk av skjerm en time før leggetid, og ikke la barna sove med en skjerm på soverommet.
  • Ha løpende kommunikasjon med barna om privatliv på nettet, nettmobbing og de utfordringene nettbruk fører med seg.

Kva blir dei digitale verktøya brukt til? Er det berre spel og leik?

På skulen brukar vi dei digitale verktøya til alt. Dei er både lærebok og arbeidsbok. Vi vil at våre elevar skal lære å lære, og for å kunne det må dei bruke dei digitale verktøya for å søke informasjon. Dei brukar verktøya til å bearbeide informasjonen og til å presentere den. Av og til brukar vi spel og leik i undervisninga – det er ingenting i vegen for å av og til leike seg til kunnskap. Vi ønsker å møte elevane på deira heimebane, på plattformer dei meistrar, for så å kunne bruke desse til læring. Vi ønsker at elevane våre skal vere motiverte og møte mestring. Enkelte av verktøya vi brukar er særs gode på akkurat det. Elevane våre skal lære det same som alle andre elevar i Noreg. Vi håper at dei, med hjelp av digitale verktøy, også skal lære enda meir!

Kva er koding og kvifor har elevane det på timeplanen?

Koding er det same som programmering. Målet vårt er at elevane våre skal vere digitale produsentar og ikkje berre konsumentar. Dei skal lære korleis dataprogram er laga og ikkje berre korleis dei brukar det. Dei skal vite at ei datamaskin ikkje kan tenke sjølv, men berre utfører dei ordrene som har blitt programmert inn. Vi vil at elevane våre skal få den kunnskapen og lære den teknologien næringslivet vårt treng i framtida og på den måten vere best mogleg rusta til den arbeidsmarknaden som vil møte dei.

Kvifor har mellomtrinnet ein time mindre gym i år enn tidlegare år?

På timefordelingsskjemaet har vi hatt meir gym enn det vi er pålagt dei siste åra. Vi har difor valt å bruke den enkeltståande gymtimen til koding. Meininga er at lærarane skal legge meir fysisk aktivitet inn i dei teoretiske faga, slik at elevane framleis får like mykje fysisk aktivitet på skulen.