Energimessa

I dag opna energimessa 2018 i loungen på Sartor storsenter. Energimessa er eit samarbeid mellom grunnskulane, ungdsomsskulane, Sotra vgs og lokalt næringsliv/VNR. Fylkesvaraordførar Pål Kårbø opna messa kl 11.30 i dag og den vil vare fram til kl 14 i morgon, fredag.  David Genius frå Kjempegøy er konfransier på messa og leiar både intervju og anna underhaldning undervegs.

David Genius intervjuar Lykke Grønn-Jensen

Sparebanken Vest sponsar tre premiar kvar på fem tusen kroner. Torsdag kveld vert vinnaren av den mest innovative utstillinga kåra. I morgon klokka 13 vert beste stand og den mest publikumsvennlege standen plukka ut. Juryen er samansett av ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, prosjektleiar for Nye Øygarden kommune, Paul J. Manger, og dagleg leiar i Vest Næringsråd, Henning Hauso.

Sandkassa vår

 

5.trinn på Knappskog har på førehand jobba med eit prosjekt om energi. I tillegg har dei bygd og koda sluser i Lego Wedo. På skulen har vi, med Øyvind Opheim Rise i føringa, laga ei VR sandkasse med virtuelt vatn. I denne sandkassa kan ein blant anna vise korleis dei koda slusene fungerer.  I bygginga av denne sandkassa har vi fått god hjelp av Harddisk.

Vi samarbeider også med Acos, og Acos fekk tid på energimessescena til å snakke om samarbeidet vårt

Intervju frå scena

Her kan du lese kva Fjell kommune har skrive om energimessa.