Energimessa 2018

Torsdag 15. og fredag 16.mars er det duka for årets energimesse på Sartor. Tradisjonen tru skal Knappskog skule delta med 5.trinn. Temaet for årets messe er ny løysing på gamalt problem. 5. trinn har i samband med dette jobba med eit prosjekt om fornybar energi. Dei har også bygd og programmert sluser i Lego Wedo. Dette skal visast fram på messa.

Sandkassa under bygging
Legobygging (her av 2.trinn, ikkje 5.)

I tillegg til dette har vi på Knappskog jobba med å bygge ei virituell sandkasse. Sandkassa og legoslusene i denne vil vere ein stor del av vår stand på energimessa. I tillegg vil elevar vise fram meir av den programmerbare elektronikken vi har kjøpt inn den siste tida. Knappskog har frå før av eit kodesamarbeid med Acos. I samaband med sandkassebygginga har vi også fått god hjelp frå Harddisk på Sartor.

Spheroball
Bee bot

 

Energimessa 2018:
I loungen på Sartor:
Torsdag 15.mars: 11.30 – 20.00
Fredag 16.mars: 10 – 14