Dysleksivenleg skule

Knappskog skule har dei siste åra vore inne i ein prosess for å bli dysleksivenleg skule. I haust hadde vi sertifiseringsbesøk av Åsne Midtbø Aas i Dysleksi Norge. Av ho fekk vi nokre områder som vi skulle jobbe vidare med utover vinteren og våren. Vi har gjort dette og meldt tilbake til Aas kva vi har jobba med. 1.februar kom beskjeden om at styret i Dysleksi Norge hadde sertifisert oss som dysleksivenlege. Vi er skule nummer 2 i kommunen som er sertifiserte som dysleksivenlege.

  

Tysdag 19.02 var dagen då vi skulle få tildelt plaketten. Vi valte å gjere dette med ei samling for alle elevane i gymsalen, der også føresette var inviterte. I tillegg var skulesjefen og leiar og nestleiar av PPT tilstades. Samlinga vart leia av Odd Erik Kjeldstad, rektor på Knappskog skule.

På YouTube ligg der ein kortfilm laga av Mads Johan Øgaard om korleis han har opplevd å ha dysleksi. Vi byrja samlinga med denne filmen. Så framførte 3.trinn ein joik. Dei har denne vinteren jobba med eit stort sameprosjekt der dei blant anna har lært denne joiken. Ein av 3.trinnselevane Marcel Frisk las også eit dikt om at det viktigaste ikkje er å vere perfekt, men å gjere sitt beste. Viktige ord å bli minna på for oss alle. Etter diktlesinga var 3.trinnselevane forsangarar på sangen «Blåse på» av Christine Sandtorv. Neste innslag var ein gjeng elevar på 7.trinn som song tostemt «Vem kan segla» Begge elevinnslaga var akkompagnert av Inga Grøm Sæle på piano.

Publikum i salen fekk vere med å synge «Stopp ikke mobb!» før det var tid for plakettoverlevering. Rektor, skulesjef og Åsne Midtbø Aas sa nokre ord i samband med dette før Ruben Haga Sulen og Oliver Galteland tok i mot plaketten.

 

Samlinga vart avslutta ved at vi alle sang «Vi-sangen» før vi såg vår eigen film. Filmen som vi fekk laga i desember for å vise fram det vi meiner er balansert digital undervisning.

I etterkant av samlinga skal alle lærarane ha kompetanseheving om dysleksi av Åsne Midtbø Aas. Vi ønsker å vere ein god skule for alle våre elevar!