Djupnelæring

I dag har alle lærarane på Knappskog vore saman med lærarar frå resten av barneskulane i Fjell på samling i Ågotneshallen. LearnLab hadde der eit opplegg om Learnlab og om djupelæring. Fjell kommune har gått inn i eit to års samarbeid med Learnlab for å blant anna auke lærarane sin kompetanse på dette området.

Sten Ludviksen skriv følgjande om djupnelæring:

«Dybdelæring handler om elevenes gradvise utvikling av forståelse av begreper, metoder og sammenhenger innenfor et fagområde. Det handler også om å forstå temaer og problemstillinger som går på tvers av kunnskapsområder. Dybdelæring innebærer at elevene bruker sine evner til å analysere, løse problemer og reflektere over egen læring til å konstruere en varig forståelse. Å lære noe grundig og med god forståelse forutsetter aktiv deltagelse i egne læringsprosesser, bruk av læringsstrategier og evne til å vurdere egen mestring og fremgang.»

Etter dagens samling ser vi at den snuoperasjonen vi har gjort dei to siste åra er i tråd med dette. Digg læring og digitaliseringa av skulen vår har gjort at undervisningsfokuset har blitt flytta og elevane no er meir aktive i eige læringsarbeid. Det å lære elevane å lære, definere omgrep og dra samanhengar er viktig i satsinga vår. Vi vil lære elevane gode metodar til å innhente informasjon, bruke informasjon og til å omdanne informasjon til kunnskap. Vi vil gi dei verktøy, kompetanse og uthald slik at dei i framtida blir i stand til å løyse problem av ulik art.

Vi ser fram til dei komande samlingane og håper at samarbeidet med LearnLab vil kome elevane våre til gode!