Invitasjon til Digg læring konferansen 2019.
Knappskog skule inviterer lærarar, IKT-ansvarlege, skuleleiarar, samarbeidspartnarar og andre interesserte til ein ny Digg læring. Set av fredag 1.februar til å knytte nettverk og bli inspirert til digitalt arbeid på din eigen arbeidsstad
Programmet og innhaldet jobbar vi med kontinuerleg. Dette vil bli en dag med fokus på innovativ og framtidsretta læring i framtidas skule. Vi vil legge opp til både foredrag og workshop. Nytt av året er at vi har henta inn ein ekstern foredragshaldar. Simen Spurkland lærar på Vøyenenga ungdomsskole i Bærum vil ha plenumsforedrag for oss. Han er mykje framme i media og har mange foredrag om digital pedagogikk, matematikkdidaktikk og den profesjonelle lærar. Vi vil også prøve å dele opp forelesingane i spor slik at ein kan velje mellom t.d småtrinn-, mellomtrinn-, ungdomstrinn- og leiarspor. Her må vi sjå an interessa i påmeldinga. Vi vil også ha mange gode workshops. Fleire av dei som hadde workshop i fjor (Creaza, Fagbokforlaget, kunnskap.no og fleire) har sagt at dei kjem. I tillegg jobbar vi med å få med fleire. Cappelen Damm er av dei som har meldt at dei kjem.
Nytt av året blir at konferansen vil koste pengar for dei som ikkje er frå Fjell kommune. Vi har sett ein pris pr. person på 400kr, då er lunsj inkludert. Ansatte i Fjell kommune kan delta gratis
Så hold av dagen for her blir det litt forskjellig retta mot fleire målgrupper:)
Oppdatert program og vidare informasjon vil du finne på Facebooksida vår: https://www.facebook.com/digglaring/
PÅMELDING DELTAKARAR HER: https://goo.gl/tE8nCd
Det blir sendt ut epost til dei påmeldte etter jul.
PÅMELDING SAMARBEIDSPARTNARAR TIL WORKSHOP OG STAND: https://goo.gl/faoxEs
Vel møtt!