Digg Læring-konferansen 2019

NB: Lenker til presentasjonane frå foredraga finn du på slutten av innlegget

1.februar var Digg Læring-konferansen gjennomført. Over 400 personar var deltakande, Vi starta dagen med ei opning av varaordførar Tom Georg Indrevik. Så tok Ingvild Vikingsen Skogestad over mikrofonen for å snakke om den pedagogiske grunntanken bak Digg Læring.

Etter ein liten pause var det tid for dei to hovudplenumsforedraga. Ellen Romstad, høgskolelektor seksjon for IKT og læring på Høgskolen i Østfold starta med eit innlegg om STL+. Så overtok Simen Spurkland, lærar på Vøyenenga ungdomsskole i Bærum over stafettpinnen. Han snakka både om lærarprofesjonalitet og korleis drive læring i teknologirike omgivnadar. Publikum var med frå første stund, og vi er veldig glad og takknemlege for at nettopp desse to tok turen over til oss!

Etter ein pause med tid for mingling og besøk i standområdet og på vår eigen skaparverkstad var det tid for speedforedrag. Vi var så heldige at vi kunne tilby 16 ulike workshops, og no hadde dei moglegheit til å presentere seg sjølv. På lista over workshop sto Creaza, Kikora, Lesemeister, Fagbokforlaget, Campus Inkrement, Høgskulen på Vestlandet med Micro:bit, Adrian Talleraas med VR, Gyldendal, Atea, MV-Nordic, Cappelen Damm, Transponder, Microsoft med Minecraft, Lin Education med escape room, Dragonbox og Muzzy BBC. I tillegg var Info Vest forlag tilstades med stand.

Sidan vi hadde så mange påmeldte i år delte vi opp lunsjen. Ca halvparten gjekk til lunsj og stands medan resten fordelte seg på leiarspor og småtrinnsspor. På leiarsporet hadde rektor på Knappskog, Odd Erik Kjeldstad presentasjon om korleis ein som leiar kan drive digitaliseringsprosessen på sin skule. På småtrinnssporet haldt Ellen Romstad fram med å snakke om STL+. I tillegg hadde tre av Knappskog skule sine lærarar, Kaja Venge, Monica Berntsen og Siri Eide ein presentasjon om korleis dei jobbar på småtrinnet.

Etter denne bolken var det lunsj for dei som ikkje hadde ete lunsj samstundes som det var foredrag tilpassa mellomtrinn og ungdomstrinnet. Her starta Ingvild Vikingsen Skogestad på ein bolk om ulike verktøy vi nyttar på mellomtrinnet før Øyvind Opheim Rise snakka litt om korleis bruke Minecraft i undervisninga. Så snakka Monica Fjeldstad om Storyline i engelsk før Ingvild og Øyvind haldt fram med ein bolk om skaparverkstad. Denne bolken vart avslutta av Adrian Talleraas som snakka om korleis bruke jukseverktøy, i denne samanhengen ein nynorskoversettar, i undervisninga.

Etter pausen var det to rundar med workshop før konferansen var over for denne gong,

Vi på Knappskog er veldig glade for alle som kom og støtta opp om konferansen vår! Både deltakarar, foredragshaldarar og samarbeidspartnarar. Vi er også glade for det tette samarbeidet vi har med Oslo Edtech Cluster og Acos som begge har vore med på sponsorsida

  

Presentasjonar:
Pedagogikk – Ingvild Vikingsen Skogestad
STL+ – Ellen Romstad (dei kvite bileta i presentasjonen er gjengitt med tillating av Sisel Roås)
Elevvennlig undervisning i teknologirike klasserom – Simen Spurkland
Leiarspor – Odd Erik Kjeldstad – kjem
Småtrinn  – Kaja Venge, Siri Eide og Monica Berntsen 
Mellomtrinn, ungdomstrinn og skaparverkstad – Monica Fjeldstad, Øyvind Opheim Rise og Ingvild Vikingsen Skogestad

Workshop
Atea – workshop

Du kan lese meir om konferansen på Fjell kommune sine nettsider,sidene til VNR (Vest næringsråd) og lokalavisa Vestnytt