Desentralisert kompetanseutvikling

Knappskog skule er med på eit samarbeid med UH-sektoren (NLA, Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Universitetet i Bergen/SLATE) og desentralisert kompetanseutvikling i Ytre Mitdt Hordaland. Samarbeidet har temaet:  «Det digitale klasserommet under fagfornyelsen» og er no i ein oppstartsfase med pilotskular.

Onsdag 2.mai vart den første «Kick off» samlinga arrangert i allrommet på Knappskog, og meininga er at dei involverte skulane skal ha eigne «Kick off» samlingar på sine skular i starten av neste skuleår.

Knappskog skule har innleia samarbeid både med SLATE og HVL. I samarbeidet med SLATE set vi fokuset på den overordna tanken med digitalisering og pedagogikk. Vi ønsker å bli flinkare til å forske på eigen praksis og på å utnytte resultata til å drive betre undervisning. Vi ønskjer også å gå enda djupare inn i djupnelæring og kreativitet og med å oppnå dei to øvste nivå på SAMR- modellen.

I prosjekta med HVL ønskjer vi å styrke satsinga vår med skaparverkstad og vi ønskjer også meir kompetanse på bruk av multimodale tekstar i engelsk. Vi ønskjer å nå dei øvre delane av SAMR-modellen også i engelsk.

Astrid Tolo frå UIB/SLATE
Høgskulen på Vestlandet
NLA

Tida fram mot skulestart må vi bruke på å konkretisere dei forskjellege prosjekta. Målet er at kompetansen vi oppnår skal dryppe på heile personalet og at dei fører til ei endring som elevane kan spore i klasserommet. Vi ser fram til ei medvandring med fagmiljøet og eit tettare samarbeid med UH-sektoren, og er spente på kvar dette vil føre oss. Vi håper også at samarbeidet vil spegle seg igjen i dei studentane vi som praksisskule får på besøk, og håper vi kan bidra med vår kompetanse om ein heildigital skulekvardag.