Desentralisert kompetanseutvikling

Knappskog skule har det siste året vore med i desentralisert kompetanseutvikling. Gjennom dette kompetanseutviklingsprosjektet har vi hatt samarbeid med både Høgskulen på Vestlandet og Slate (Universitetet i Bergen). Torsdag 12.09 var det nettverk for dette arbeidet her på skulen og målet med nettverket var at skulane i prosjektet skulle dele sine erfaringar med skulane som no skal inn.

Vi har hatt to veldig gode samarbeid, som vi helst hadde sett vi kunne få fortsette med. Saman med SLATE har vi fokusert på forsking på eigen praksis og på kreativitet. Heile personalet har lært ein metode for forsking på eigen praksis for å kunne sjølv betre eiga undervisning. Vi har også fokusert på kreativitet og kreative prosessar. Vi ønsker kreative elevar som får utfolde seg i læringssituasjonar. Det har vore veldig interessant å ha forskingsmiljøet inne i vår skulekvardag.

 

Samarbeidet med HVL har gått på skaparverkstad/koding og engelsk storyline. I engelsk har vi funne ein metode for å tenke utanfor boka i engelsken på mellomtrinnet der ein brukar erfaringane frå småtrinnet med STL+. Dette har vore motiverande for både elevar og lærarar. Det har vore kjekt å ha HVL som ein sparringspartnar i både bruken av dette og i utviklinga av skaparverkstaden vår. Øyvind Opheim Rise har i tillegg vore på høgskulen for å ha forelesing om koding for studentar der.

Det har vore veldig kjekt å samarbeide med UH-sektoren og vi håper dette ikkje blir det siste samarbeidet i den retning!