Category Archives: Aktuelt

Digitale klasserom i praksis

Måndag 27. november var utval for samordna regional digitalisering på besøk på Knappskog skule.

Samordna regional digitalisering er eit samarbeid mellom Bergen, Os, Askøy, Fjell og Lindås kommunar. Samarbeidet vart etablert som eit prosjekt i februar 2017, og vil bli formalisert gjennom ein avtale mellom kommunane i starten av 2018.

I følgje leiar av utvalet, Atle Sandal, var føremålet med besøket på Knappskog skule å sikre eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for å setje oppvekstområde på kartet i den regionale strukturen samt å etablere ein visjon for område.

Utvalet fekk besøke to trinn, og fekk oppleve digital undervisning i praksis. Dei var spesielt interesserte i korleis digitaliseringa medfører flyt av innhald utan papir mellom lærar, elev og foreldre.

Tekst: Odd Erik Kjeldstad, rektor Knappskog skule