Category Archives: Aktuelt

Program Digg Læring konferansen 2020

OPPDATERT 17.10.19

Fredag 31.januar arrangerer vi Digg Læring konferansen 2020.

PÅMELDING DELTAKARAR HER: http://bit.ly/2kmc6b2

Pris pr. person er på 400kr, då er lunsj inkludert. For tilsette i Nye Øygarden kommune er prisen i år 200,-

Programmet og innhaldet jobbar vi med kontinuerleg. Dette vil bli en dag med fokus på innovativ og framtidsretta læring i framtidas skule. Vi vil legge opp til både foredrag og workshop. Ekstern føredragshaldar er i år Magnus Nohr. Han jobbar blant anna med PFDK på høgskulen i Østfold og reiser mykje rundt for å ha foredrag om korleis vi kan utnytte moglegheitene i digitalt arbeid. Vi vil også ha eit plenumsforedrag på fagfornyinga. I år vil vi prøve oss på ein ny og meir praktisk retning. Det vil bli fleire workshops og moglegheit for å droppe innom på aktivitetar for å teste desse sjølve

Her kjem førebels program. Denne sida blir oppdatert ved ny info. Ny info blir annonsert i eventet vi har på Facebook: https://www.facebook.com/events/2903487833012683/ 

Program Digg Læring konferansen 2020

8:00: Registrering og mingling
8:30: Opning
8:45«Elevaktiv undervisning i digitale klasserom» –  Magnus Nohr, høgskolelektor Høgskolen i Østfold
10:15: Pause med stands
10:45: «Korleis kan fagfornyinga endre klasserommet?» Ingvild Vikingsen Skogestad

11:20: Pause
11:30: Speedforedrag 2min pr– sjå liste over workshops under
12:15:  Lunsj, stands og drop-in
12:45 – 13.35: drop-in + praktisk utprøving
13:45 – 14:45: Workshops
15:00 – 16:00: Workshops + Foreldrag: Fagfonyinga med Audun Uggerud og Erlend Kobro

Ferdig kl 16

Det blir lagt opp til mingling og utstilling i alle pausar. Vår eigen skaparverkstad er sjølvsagt open heile dagen!

Hugs eigen PC/nettbrett til workshop!

 

Drop-in/ praktisk utprøving

  • Merge-cube
  • Koding
  • GreenScreen
  • Vinylkutt
  • Storyline
  • iMo – Learn
  • Skaparverkstad
  • Spel i undervisninga
  • AR – sandkasse

 

  • Bring verden inn i klasserommet Terje Pedersen som jobber ved Rothaugen skole vil vise hvordan han ved hjelp av enkle verktøy setter elevene i kontakt med resten av verden. Elevene har jobbet med elever fra USA, Australia, Russland, Korea osv. De har Skypet med Vietnam veteraner, dronepiloter, mennesker som har opplevd både Bloody Sunday og borgerrettighetskampen i USA!
  • Workshop i bruk av avansert VR i klasserommet med Adrian Talleraas fra Rothaugen skole. Vi blir kjent med VR-teknologi og utforsker muligheter denne teknologien gir i undervisningssituasjoner. Adrian Talleraas gir en innføring i hva han har jobbet med, og presenterer ulike undervisningsopplegg med utgangspunkt i egne erfaringer i ungdomsskolen. Alle deltakere i workshopen får låne hvert sitt sett med Oculus Quest og kontrollere

Workshops og/eller stands:

  • Creaza:
  • Endre Praksis:
  • Eduplaytion:
  • Ludenso: «3D modellering og samskaping i utvidet virkelighet (AR)»
  • Kikora:
  • Lesemeister: «Rett bok til rett elev til rett tid»
  • Fagbokforlaget:
  • Atea:
  • MV-Nordic:
  • Cappelen Damm:
  • Transponder:
  • Microsoft:
  • Erlend Kobro, Lin Education:
  • Dragonbox: «Hvordan skape et klasserom preget av utforskning for gode matematiske samtaler»
  • Gyldendal: «Skolestudio – hva skjer høsten 2020»
  • Statped

Desentralisert kompetanseutvikling

Knappskog skule har det siste året vore med i desentralisert kompetanseutvikling. Gjennom dette kompetanseutviklingsprosjektet har vi hatt samarbeid med både Høgskulen på Vestlandet og Slate (Universitetet i Bergen). Torsdag 12.09 var det nettverk for dette arbeidet her på skulen og målet med nettverket var at skulane i prosjektet skulle dele sine erfaringar med skulane som no skal inn.

Vi har hatt to veldig gode samarbeid, som vi helst hadde sett vi kunne få fortsette med. Saman med SLATE har vi fokusert på forsking på eigen praksis og på kreativitet. Heile personalet har lært ein metode for forsking på eigen praksis for å kunne sjølv betre eiga undervisning. Vi har også fokusert på kreativitet og kreative prosessar. Vi ønsker kreative elevar som får utfolde seg i læringssituasjonar. Det har vore veldig interessant å ha forskingsmiljøet inne i vår skulekvardag.

 

Samarbeidet med HVL har gått på skaparverkstad/koding og engelsk storyline. I engelsk har vi funne ein metode for å tenke utanfor boka i engelsken på mellomtrinnet der ein brukar erfaringane frå småtrinnet med STL+. Dette har vore motiverande for både elevar og lærarar. Det har vore kjekt å ha HVL som ein sparringspartnar i både bruken av dette og i utviklinga av skaparverkstaden vår. Øyvind Opheim Rise har i tillegg vore på høgskulen for å ha forelesing om koding for studentar der.

Det har vore veldig kjekt å samarbeide med UH-sektoren og vi håper dette ikkje blir det siste samarbeidet i den retning!

Besøk frå Arbeiderpartiet

Torsdag 05.09 fekk vi storflott besøk på Knappskog. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy hadde med seg blant anna Åse Gunn Husebø, Stig Morten Frøiland og ikkje minst nestleiar i Arbeiderpartiet Hadia Tajik. Dei fekk ei omvisning på skulen i tillegg til at dei var på besøk i nokre klasser. Dette skuleåret har vi på Knappskog gått over til ein meir temabasert årsplan. Alle klassene på skulen jobbar difor med temaet demokrati og medborgarskap no på hausten.

Dei besøkande starta rundturen sin hos 3.trinn. Her har dei arbeida både med dei eksisterande partia, men dei har også utarbeida eigne parti med eigne partiprogram. Døme på dette er Snopepartiet, Spelepartiet og Dansepartiet. Klassa har også laga spørsmål både til statsminister Erna og til ordførar Marianne. Det blir spanande å sjå om dei til slutt får svar på spørsmåla sine.

Rundturen gjekk vidare til 6.trinn der dei jobba med animasjonsfilm og Stop Motion appen. Elevane lagar figurar i modellkitt som dei tek bilete av for å lage film. På Knappskog er vi opptekne av at elevane skal vere kreative, også med hendene sine. Denne kreativiteten kan godt kombinerast med det digitale for å skape heilt nye ting som er vanskeleg utan teknologibruk.

Siste klasse som fekk besøk denne gongen var 7.trinn. Dei har, som mange av dei andre klassene, jobba med Redd Barna sitt opplegg, Barnas val. Her får elevane lese på eit språk tilpassa barn kva partia meiner i saker som opptek barna. Elevane kan også ta ein valomat og også avgi stemme. I dag kl 16 stengde desse valurnene, og i morgon kjem nok svaret på korleis det politiske Noreg ville sett ut om barna fekk bestemme. I 7.trinnsklasserommet vart Hadia Tajik utfordra på å fortelje kvifor det var viktig å stemme. Ei utfordring ho tok på strak arm.

Besøket fekk også sjå innom både miljøbase og skaparverkstad før vi avslutta med ein samtale på personalmøtet. Det er alltid kjekt å vise andre skulen vår og forklare tanken bak måten vi jobbar. Vi takkar for besøket!

   

Digihand

Nynorskelevane på 1. trinn har dette året vore med på forskingsprosjektet Digihand i regi av Høgskulen i Volda og Lesesenteret i Stavanger. I løpet av året er elevane blitt kartlagde to gongar. Vi har totalt skrive 5 ulike tekster som er sendt inn. Det er også gjennomført to videoobservasjonar av læraren. Prosjektet vil følgje elevane vidare på 2. trinn for å sjå kva innverknad det har på handskrifta når elevane ventar eitt år med ordiner handskrift.

Førebels ser vi at elevane er i stand til å skrive lengre og meir innhaldsrike tekstar enn tidlegare erfaringar og når dei skriv er også handskrifta fullt funksjonell for ein 1. klassing.

 

Mosjonsløp

Fredag 12.april, siste dag før påske, arrangerte Knappskog skule Team Rynkeby skoleløp til inntekt for barnekreftforeningen. Det var sol heile dagen, noko som skapte ei fantastisk ramme rundt arrangementet. Team Rynkeby stilte med ein representant, som delte ut sjokolademelk og smøreost til elevane etter løpet. I tillegg var Hans Jarle Einarsen frå Sartor her. Han brukar maratonspringinga si til å samle inn pengar til Krafttak mot kreft. Han var med på å springe dette løpet som eindel av dei maratonane han skal fullføre dette året. Sartor er også med på å sponse elevane våre.

Elevane sprang i to omgongar. Klokka 9 starta vi med oppvarming for alle før det var løpsstart for 1. – 4.trinn. Dei fleste av desse elevane sprang ei løype på 300 meter, nokre av dei eldste sprang 1km. Elevane skulle sjå kor mange runder dei klarte å springe på ein halv time, og mange hadde avtalt sponsing pr runde. Imponerande innsats! Elevane fekk saft når dei var ferdige. Dei fekk også bollar under lunsjen.   Klokka 11 var det igjen oppvarming for alle før det var løpsstart for 5. – 7. trinn. Elevane på dei eldste trinna sprang runder på 1 km. Hans Jarle sprang på begge løpa, i tillegg var det nokre av lærarane som sprang. No ventar vi i spenning på resultatet. Både kor langt vi har sprunge totalt, og ikkje minst, kor mykje pengar vi har samla inn. Oppdatering vil kome!

Dette vart ein fantastisk dag, med mange glade barn og vaksne. Elevane var like ivrige på både springing og heiing. Dette gav meirsmak! Tusen takk til alle foreldre som stilte opp som løypevakter og bollebakarar. No håper vi at alle får ein fantastisk fin påskeferie!

For info om Team Rynkeby og Barnekreftforeningen gå til: https://www.team-rynkeby.no/skoleloepet.aspx
og https://www.barnekreftforeningen.no/

Kreativitet – UH-samarbeid

Knappskog skule er med på desentralisert kompetanseutvikling i Ytre Midthordaland. I samband med dette samarbeidar vi både med Høgskulen på Vestlandet og SLATE ved Universitetet i Bergen. SLATE sitt fokus er kompetanseheving for heile personalet. I haust var temaet forsking på eigen praksis som ein kan lese meir om her.  Temaet for våren er kreativitet. Vi er opptekne av den kreative sida av djupnelæringa og den kreative eleven og ønsker å auke vår kompetanse her. Dette temaet heng også saman med arbeidet vårt med skaparverkstad og koding.

Tysdag 12.mars var det workshop om Kreativitet ut frå forskjellar. Ingun Ness frå SLATE hadde med seg Vlad Glaveanu frå Webster University i Geneve. Vlad starta med litt teori om kreativitet før det var vår tur til å prøve å vere kreative. Vi lærte ulike steg for kreative gruppe prosessar, som vi så prøvde ut i praksis. Første steg er å finne eit problem vi ønsker løysing på.  Andre steg å få fram ulike perspektiv og finne ei løysing på problemet.

Det var ei engasjert samling av lærarar og studentar som deltok på denne workshopen. For tida har vi på Knappskog fire ulike studentgrupper som har praksis hos oss. Det var veldig kjekt å ha deira kreative tankar med i denne workshopen.

Kreativitet skal vere fokus utover våren i tospann med fagfornying. Kreativitet er ein av dugleikane for det 21.århundret som det er fokus på. SLATE kjem tilbake seinare på våren for oppfølging av denne workshopen her. Vi ser fram til vidare samarbeid!

Dysleksivenleg skule

Knappskog skule har dei siste åra vore inne i ein prosess for å bli dysleksivenleg skule. I haust hadde vi sertifiseringsbesøk av Åsne Midtbø Aas i Dysleksi Norge. Av ho fekk vi nokre områder som vi skulle jobbe vidare med utover vinteren og våren. Vi har gjort dette og meldt tilbake til Aas kva vi har jobba med. 1.februar kom beskjeden om at styret i Dysleksi Norge hadde sertifisert oss som dysleksivenlege. Vi er skule nummer 2 i kommunen som er sertifiserte som dysleksivenlege.

  

Tysdag 19.02 var dagen då vi skulle få tildelt plaketten. Vi valte å gjere dette med ei samling for alle elevane i gymsalen, der også føresette var inviterte. I tillegg var skulesjefen og leiar og nestleiar av PPT tilstades. Samlinga vart leia av Odd Erik Kjeldstad, rektor på Knappskog skule.

På YouTube ligg der ein kortfilm laga av Mads Johan Øgaard om korleis han har opplevd å ha dysleksi. Vi byrja samlinga med denne filmen. Så framførte 3.trinn ein joik. Dei har denne vinteren jobba med eit stort sameprosjekt der dei blant anna har lært denne joiken. Ein av 3.trinnselevane Marcel Frisk las også eit dikt om at det viktigaste ikkje er å vere perfekt, men å gjere sitt beste. Viktige ord å bli minna på for oss alle. Etter diktlesinga var 3.trinnselevane forsangarar på sangen «Blåse på» av Christine Sandtorv. Neste innslag var ein gjeng elevar på 7.trinn som song tostemt «Vem kan segla» Begge elevinnslaga var akkompagnert av Inga Grøm Sæle på piano.

Publikum i salen fekk vere med å synge «Stopp ikke mobb!» før det var tid for plakettoverlevering. Rektor, skulesjef og Åsne Midtbø Aas sa nokre ord i samband med dette før Ruben Haga Sulen og Oliver Galteland tok i mot plaketten.

 

Samlinga vart avslutta ved at vi alle sang «Vi-sangen» før vi såg vår eigen film. Filmen som vi fekk laga i desember for å vise fram det vi meiner er balansert digital undervisning.

I etterkant av samlinga skal alle lærarane ha kompetanseheving om dysleksi av Åsne Midtbø Aas. Vi ønsker å vere ein god skule for alle våre elevar!

Knappskog skule fekk besøk frå kroatia

Knappskog skule fekk på onsdag denne veka besøk av ein delegasjon med utdanningstoppar frå Kroatia.

Gjester frå Kroatia og tilsette på Knappskog skule
Gjester og tilsette på Knappskog skule

Dei er i Noreg i samband med eit utdanningsprosjekt i regi av DIKU, som har ansvar for å forvalta EØS-midlar på vegner av Kunnskapsdepartementet. Med i delegasjonen var representantar frå skulesystemet i Kroatia samt den kroatiske ambassaden i Noreg.

Delegasjonen ville sjå digital undervisning i praksis, og korleis den pedagogiske tilnærminga i klasserommet blir endra med ny teknologi og digitale verktøy. Særleg var dei interesserte i skulen sitt skaparverkstad, som er bygd opp for å stimulera elevane til vera utforskande og kreativ med teknologi i kombinasjon med tradisjonelle handverksfag og programmering.

Odd-Erik Kjeldstad
rektor Knappskog skule

Digg Læring-konferansen 2019

NB: Lenker til presentasjonane frå foredraga finn du på slutten av innlegget

1.februar var Digg Læring-konferansen gjennomført. Over 400 personar var deltakande, Vi starta dagen med ei opning av varaordførar Tom Georg Indrevik. Så tok Ingvild Vikingsen Skogestad over mikrofonen for å snakke om den pedagogiske grunntanken bak Digg Læring.

Etter ein liten pause var det tid for dei to hovudplenumsforedraga. Ellen Romstad, høgskolelektor seksjon for IKT og læring på Høgskolen i Østfold starta med eit innlegg om STL+. Så overtok Simen Spurkland, lærar på Vøyenenga ungdomsskole i Bærum over stafettpinnen. Han snakka både om lærarprofesjonalitet og korleis drive læring i teknologirike omgivnadar. Publikum var med frå første stund, og vi er veldig glad og takknemlege for at nettopp desse to tok turen over til oss!

Etter ein pause med tid for mingling og besøk i standområdet og på vår eigen skaparverkstad var det tid for speedforedrag. Vi var så heldige at vi kunne tilby 16 ulike workshops, og no hadde dei moglegheit til å presentere seg sjølv. På lista over workshop sto Creaza, Kikora, Lesemeister, Fagbokforlaget, Campus Inkrement, Høgskulen på Vestlandet med Micro:bit, Adrian Talleraas med VR, Gyldendal, Atea, MV-Nordic, Cappelen Damm, Transponder, Microsoft med Minecraft, Lin Education med escape room, Dragonbox og Muzzy BBC. I tillegg var Info Vest forlag tilstades med stand.

Sidan vi hadde så mange påmeldte i år delte vi opp lunsjen. Ca halvparten gjekk til lunsj og stands medan resten fordelte seg på leiarspor og småtrinnsspor. På leiarsporet hadde rektor på Knappskog, Odd Erik Kjeldstad presentasjon om korleis ein som leiar kan drive digitaliseringsprosessen på sin skule. På småtrinnssporet haldt Ellen Romstad fram med å snakke om STL+. I tillegg hadde tre av Knappskog skule sine lærarar, Kaja Venge, Monica Berntsen og Siri Eide ein presentasjon om korleis dei jobbar på småtrinnet.

Etter denne bolken var det lunsj for dei som ikkje hadde ete lunsj samstundes som det var foredrag tilpassa mellomtrinn og ungdomstrinnet. Her starta Ingvild Vikingsen Skogestad på ein bolk om ulike verktøy vi nyttar på mellomtrinnet før Øyvind Opheim Rise snakka litt om korleis bruke Minecraft i undervisninga. Så snakka Monica Fjeldstad om Storyline i engelsk før Ingvild og Øyvind haldt fram med ein bolk om skaparverkstad. Denne bolken vart avslutta av Adrian Talleraas som snakka om korleis bruke jukseverktøy, i denne samanhengen ein nynorskoversettar, i undervisninga.

Etter pausen var det to rundar med workshop før konferansen var over for denne gong,

Vi på Knappskog er veldig glade for alle som kom og støtta opp om konferansen vår! Både deltakarar, foredragshaldarar og samarbeidspartnarar. Vi er også glade for det tette samarbeidet vi har med Oslo Edtech Cluster og Acos som begge har vore med på sponsorsida

  

Presentasjonar:
Pedagogikk – Ingvild Vikingsen Skogestad
STL+ – Ellen Romstad (dei kvite bileta i presentasjonen er gjengitt med tillating av Sisel Roås)
Elevvennlig undervisning i teknologirike klasserom – Simen Spurkland
Leiarspor – Odd Erik Kjeldstad – kjem
Småtrinn  – Kaja Venge, Siri Eide og Monica Berntsen 
Mellomtrinn, ungdomstrinn og skaparverkstad – Monica Fjeldstad, Øyvind Opheim Rise og Ingvild Vikingsen Skogestad

Workshop
Atea – workshop

Du kan lese meir om konferansen på Fjell kommune sine nettsider,sidene til VNR (Vest næringsråd) og lokalavisa Vestnytt

Kodetimen 2018

I veke 49 vart den internasjonale kodetimen arrangert. På Knappskog har alle klassene vore med på dette. På Knappskog har vi koding på timeplanen kvar veke for alle trinn. Det er likevel kjekt med eit ekstra fokus på koding, slik som kodetimen gir. Denne veka har vi også gjennomført dei tradisjonelle julefestane våre, så litt koding mellom slaga har vore kjekt. Vi nytta kodeveka til å få lage ein Sphero-  labyrint med tape på golvet i skaparverkstaden vår. Denne håper vi blir brukt hyppig i tida framover. Vi har også tenkt å lage fleire slike. Kodesatsinga vår kan du lese meir om her. Skaparverkstaden vår står det om her

Her er ei oversikt over kva dei ulike klassene har jobba med denne veka:

1.trinn kodar for tida på appen Run Marco på iPaden.

2.trinn har koda på appen Coding, ein iPad app der elevane lærer engelsk og koding på sametid som at det er ein musikk-app.

3.trinn har jobba med opplegga på Kodeknekkerne på NRK Skole. Dei har også brukt appane Box Island og Lighhtbot.

4.trinn har starta med Lego Wedo. Der har dei bygd og koda robotar, vindmøller og sluser

5.trinn har jobba med Scratch. Dei har både jobba med spel og vist for dei andre det dei har jobba med. Dei har også sett nokre av episodane om Kodeknekkerne

6.trinn har koda med Micro:bit

7.trinn har jobba med forskjellege fysiske objekt i tillegg til Micro:bit og Arduino. Dei har koda Spheroball og droner og bygd og jobba med Lego Mindstorms.

   

Sidan vi er så heldige å ha kodetime kvar veke, skal alle elevane våre ha dette neste veke også.