«Blogg»

19.10.2018 – 5.trinn

5.trinn har i dei siste vekene jobba med temaet jødedommen i KRLE. I oppstarten av temaet fekk elevane delta på ein Kahoot for å kople seg på emnet. I etterkant av denne brukte ein Mindomo i Creaza for å kartlegge førehandskunnskap og lage eit tankekart om det elevane kunne frå før av. Elevane jobba så nokre veker med å sjå filmar på Salaby og Nrk skole kombinert med enkle oppgåver som var knytt til desse filmane. I all læring er konkretisering viktig og når ein snakkar om andre religionar er det viktig å få sjå autentiske gjenstandar. Vi lånte difor Shalomkofferten til Israelsmisjonen. Der er mange ulike gjenstandar knytt til jødisk tru og tradisjon. Der er også forklaringar på dei ulike gjenstandane. Elevane fekk høyre om desse og fekk knytt dei til kunnskapen dei sjølv hadde skaffa om jødedommen. I etterkant av dette tok elevane bilete av ulike gjenstandar og skreiv litt om kvar av dei.

Emnet vart avslutta med at elevane fullførte tankekartet med førehandskunnskap som vi hadde starta på i Creaza og på grunnlag av dette laga ein 1minutts oppsummeringsfilm i Flipgrid om kva dei hadde lært om jødedommen. Både Flipgridfilmen og tankekartet viser at elevane har lært mykje nytt om jødedommen i løpet av desse vekene.

28.09.18 – 3.trinn

3.trinn har meldt seg på eit prosjekt som heiter FIRST LEGO leauge jr. Dette er ett forsknings- og teknologiprosjekt som introduserer barn i alderen 6-9 år til ei spennande verd av vitskap og teknologi. Elevane skal bruke LEGO Wedo til eit prosjekt som omhandlar månen. Elevane skal sette i gang med prosjektet i veke 40 og det varer til mitden av november. I dag fekk difor elevane repetere litt om LEGO Wedo. Målet var å bygge noko dei kunne få til å bevege seg. Det var stor iver og mykje kreativitet å spore på 3.trinn i dag!

21.09.18 – 4.trinn

På 4.trinn jobbar dei med ordinnlæring i engelsk gjennom ulike sansar. I dag har elevane på trinnet hatt ordjakt, der dei skal sjå, hugse, seie og skrive ordet. Dette er ei samarbeidsoppgåve der elevane får vere fysisk aktive samstundes som dei lærer engelsk.

10.09.18 – 2.trinn

I oppstarten har 2.trinn jobba med mykje forskjelleg. Her er døme på to av prosjekta dei har hatt. Det første gjekk på skriving og norsk. Elevane skulle lage tankekart, for så å lage ein faktatekst. I forkant fekk elevane trekke kvart sitt leikedyr. Så brukte dei Mindomo i Creaza til å lage tankekart. Informasjonen henta dei får ulike nettsider og bøker. Når tankekartet var ferdig starta prosessen med å skrive ein faktatekst om dyret.

Fredag i førre veke hadde 2.trinn leikedag. Då fekk elevane lov å ta med eigne leiker på skulen. I tillegg til å leike med desse leikene fekk dei også oppgåva med å lage ein film. Det vart mange kreative filmar på iPadane denne dagen!

30.08.18 – 6.trinn

I løpet av året er planen å komme med små drypp frå klasseromma.  Først ut er eine gruppa på 6.trinn. I dag har dei både bygd og koda Lego Wedo. Både robotar og satellittar vart sett saman, modifiserte og koda. Det var stort engasjement og kreativt kaos i gruppa undervegs, og det så ut som elevane både meistra dette OG synes det var gøy. På Knappskog har vi som kjent koding på timeplanen ein gong i veka.

6.trinn er eit av trinna som dette skuleåret har gått over til Chromebook. Lego Wedo blir her koda via ein Android-app på denne maskina.