Bett

Onsdag 24. – laurdag 27. januar vart Bett show, ei årleg internasjonal messe for IKTi utdanninga, arrangert i London.  Knappskog skule hadde to representanter med på messa, Monica Berntsen og Ingvild Vikingsen Skogestad.  På Bett er store delar av det norske ed-tech (educational technology – utdanningsteknologi) miljøet samla på same stand: The norwegian classroom. Her hadde mange av samarbeidspartnarane våre stand, og mykje av tida på messa vart brukt på samtalar med utstillarar og besøkande på standen. I tillegg til å representere Knappskog skule var Monica med på standen til Lesemeister.

Bett er ei av dei største internasjonale utdanningsmessene, og messeområdet tek fleire timar å gå gjennom. Her vart teknologi, system, produkt og program frå alle verdshjørner presentert. På messa i år, som i fjor var fokuset på Makerspace (skaparverkstad) og koding. På ei messe med så mange produkt og utstillarar er det kjekt å sjå at vi er der vi vil vere. Det kan verke som vi har klart å tatt til oss det som er gjeldande i internasjonal ed-tech.  I tillegg til å sjå kva som rører seg i ed-tech miljøet har vi brukt tida på messa til nettverksbygging. Bett er ei messe der mange, også mange av dei norske deltakarane, kjem med sine nyheiter. Vi får og då forhåpenlegvis vere med å teste nokre av desse nyheitene når (eller før) dei kjem ut på marknaden.

Bett har eit enormt utstillingsområde

Under Bett er det også ei kåring, Bett Awards. I år var Creaza nominert for tredje år på rad og i år var året då dei kom sigrande ut. Creaza vart beste internasjonale digitale utdanningsressurs og også tidenes første norske vinnar. Vi gratulerer Creaza med sigeren, ein siger som er fullt fortent.

Det er kjekt å representere Knappskog skule på messer både i Noreg og internasjonalt. Knappskog, Fjell kommune og Digg Læring er namn som mange både i ed-techmiljøet og elles i utdanningssektoren kjenner til. Mange er imponerte over kva elevane våre får til! Dagane på Bett var innhaldsrike,. Vi kan vel seie at det er som i klasserommet, det er i møte med menneske dei beste refleksjonane skjer og det er når vi snakkar om det vi gjer, vi skjønar kva vi har lært og kvifor vi er så dedikerte til det vi driv med!