Besøk frå Tyskland

I dag har vi hatt besøk frå Tyskland på Knappskog. Pedagogisk konsulent hjå barnehagesjefen, Irene Solem Hansen, hadde med seg tre damer frå eit tysk firma.  Dei var ute etter å sjå korleis vi jobba og på kva måte vi har organisert klasseromma våre på. Dei var interesserte i det prosjektet vår og vi fekk også vise dei ein del av dei digitale verktøya vi brukar.

På omvisinga var dei først innom 7.trinn der dei fekk sjå elevane jobbe med eit kreativt prosjekt i Creaza. Så gjekk turen innom 2.trinn. Der var det engelsktime og elevane jobba med teikneserie på iPaden. Mange av elevane jobba då på Cartoonist i Creaza. Til slutt var dei besøkande med inn på 1.trinn. Der var det matematikk. Besøket fekk då sjå kombinasjonen av digitale verktøy som Multi Smart Øving og den gode gamle kuleramma. Digitale elevar treng også konkretiseringsmateriell.

Døme på Creazaprosjektet på 7.trinn
Døme på Creazaprosjektet på 7.trinn

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter ein times besøk hos oss gjekk turen deira vidare til Marihøna barnehage på Hjelteryggen.