Besøk frå Sverige

Tysdag 22.mai hadde vi eit nytt kjekt besøk på Knappskog skule. Denne gongen var det Cecilie Johanne Slokvik Hansen frå SLATE/ Universitetet i Bergen som hadde med seg Åsa Sundelin frå Lin education i Sverige og Anna Åkerfeldt frå Stockholms universitetet. Begge to jobbar med digitalisering og var interesserte i å høyre korleis vi jobbar her på skulen. I tillegg til ein samtale om digitalisering rakk vi også ei omvisning på skulen slik vi fekk vise dei besøkande korleis elevane våre jobbar.

Det var som alltid kjekt å fortelje om korleis vi driv skulen vår og om kva som er det viktigaste i digitaliseringa. Det var også interessant å utveksle erfaringar på tvers av landegrensene for å sjå kva som er likt og ulikt. Det var eit spanande besøk, og vi håper å halde kontakten framover. 

Takk for besøket!