Besøk frå Sund

Tysdag 12.juni hadde vi besøk frå Sund kommune. Det var Sølvi Øvretveit Kallestad og Kari Aga frå Stranda skule og Merete Ingebritsen og Laila Kjeilen Bach frå Sund PPT som var her. Dei var på besøk hos spes.ped koordinator Grethe Bildøy. Dei var interesserte i både leselærarfunksjonen vår og korleis vi praktiser denne og korleis vi jobbar med spes.ped. Hos oss har Grethe opparbeida seg stor kompetanse på begge desse områda og det er som alltid kjekt å dele av vår erfaring.

Vi ønskjer Sund lykke til med oppstarten av leselærarstillinga og takkar for besøket!