Besøk frå Stord

I dag har vi hatt besøk frå Rommetveit skule på Stord. Det er andre gongen vi har besøk frå denne skulen, og denne gongen var det alle lærarane på skulen som kom. I tillegg hadde dei med seg lærarar frå andre skular på Stord som piloterar på Chromebook.

Vi hadde alle ein interessant dag der vi har delt frå eigen praksis og fått delt noko av det arbeidet vi driv med. Det er kjekt at andre skular viser interesse for den jobben vi legg ned. Dei fleste klassene har hatt besøk i dag, og då for det meste av lærarar som underviser på same trinnet.  Lærarane frå Stord har fått vere med på ein heilt vanleg skuledag her på Knappskog.

Her er eit bilete frå sist gong vi hadde besøk frå Rommetveit. Denne gongen gjekk tida frå oss, så ingen bilete vart tatt.