Besøk frå SIU

Tysdag 2.oktober hadde vi ein stor delegasjon på besøk. Det var SIU, Senter for internasjonalisering av utdanningen som arrangerte eit Erasmus+ studeiebesøk i Bergen for barnehage- og skulesektoren om innovativ bruk av IKT i opplæringa. 

Delegasjonen var på i overkant av 20 lærarar og førskulelærarar både frå Noreg og mange andre Europeiske land. Dei var først og fremst interesserte i å besøke småtrinnsklasser, men dei var også interesserte i å vite meir om DiggLæring prosjektet vårt.

Delegasjonen var innom 1. 2. og 3.trinn og fekk sjå mange forskjellege aktivitetar. På første trinn jobba dei med koding, både praktisk og på ein app. 2.trinn holdt på å lage teikneseriar i Creaza og 3.trinn hadde første økt med FIRST LEGO LEAGUE jr – mission moon. Der var dei i full gang med å bygge både månerakettar og anna i lego.

Etter omvisinga fekk dei ein presentasjon av prosjektet vårt. Det er viktig å få fram det faktiske målet med digitaliseringa. At det er elevane og elevane si læring, motivasjon og meistring som skal stå i førarstet. Det er omlegging av pedagogikk og arbeidsmåtar, og ikkje verktøy som skal ha hovudfokus.

Vi takkar for besøket! Det er alltid kjekt å vise fram kva vi driv med, og at elevane våre framleis er i aktivitet og er kreative. Delegasjonen var blant anna fascinert over elevane som kledde på seg regntøy for så å gå ut i styrtregnet og klatre i fjell.