Besøk frå Bømlo

Fredag 27.april hadde vi besøk frå Bømlo. Dei var interesserte både i kva utsyr vi har, kva verktøy vi brukar og ikkje minst, den heilskaplege tanken rundt pedagogikk og heildigital undervisning.

Dei fekk blir med rundt i nokre av klassene både på småtrinnet og mellomtrinnet. Elevane i 2.klasse jobba med ulike musikkappar. Der fekk dei også sjå og høyre litt om digital begynneropplæring. På 3.trinn hadde dei matematikkstasjonar. Nokre av stasjonane var praktiske og andre digitale. Det er viktig å halde fram med praktiske oppgåver og fysisk aktivitet også i det heildigitale klasserommet. På 7.trinn jobba dei med med forskjellege fag. Dei fekk vist både Smarttime i norsk og matte, Smart Øving, historieskriving i Word kombinert med IntoWords og samfunnsfagsoppgåve i Creaza.

Det er alltid kjekt med besøk, og kjekt å vise fram litt av det vi jobbar med på skulen. Vi håper dei besøkande fekk mykje ut av besøket her, noko dei også gav uttrykk for. Besøket vart avslutta med felles lunsj saman med alle lærarane på Knappskog, ein fin arena for erfaringsdeling og utveksling av råd og tips.

Takk for besøket!