Besøk frå Arbeiderpartiet

Torsdag 05.09 fekk vi storflott besøk på Knappskog. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy hadde med seg blant anna Åse Gunn Husebø, Stig Morten Frøiland og ikkje minst nestleiar i Arbeiderpartiet Hadia Tajik. Dei fekk ei omvisning på skulen i tillegg til at dei var på besøk i nokre klasser. Dette skuleåret har vi på Knappskog gått over til ein meir temabasert årsplan. Alle klassene på skulen jobbar difor med temaet demokrati og medborgarskap no på hausten.

Dei besøkande starta rundturen sin hos 3.trinn. Her har dei arbeida både med dei eksisterande partia, men dei har også utarbeida eigne parti med eigne partiprogram. Døme på dette er Snopepartiet, Spelepartiet og Dansepartiet. Klassa har også laga spørsmål både til statsminister Erna og til ordførar Marianne. Det blir spanande å sjå om dei til slutt får svar på spørsmåla sine.

Rundturen gjekk vidare til 6.trinn der dei jobba med animasjonsfilm og Stop Motion appen. Elevane lagar figurar i modellkitt som dei tek bilete av for å lage film. På Knappskog er vi opptekne av at elevane skal vere kreative, også med hendene sine. Denne kreativiteten kan godt kombinerast med det digitale for å skape heilt nye ting som er vanskeleg utan teknologibruk.

Siste klasse som fekk besøk denne gongen var 7.trinn. Dei har, som mange av dei andre klassene, jobba med Redd Barna sitt opplegg, Barnas val. Her får elevane lese på eit språk tilpassa barn kva partia meiner i saker som opptek barna. Elevane kan også ta ein valomat og også avgi stemme. I dag kl 16 stengde desse valurnene, og i morgon kjem nok svaret på korleis det politiske Noreg ville sett ut om barna fekk bestemme. I 7.trinnsklasserommet vart Hadia Tajik utfordra på å fortelje kvifor det var viktig å stemme. Ei utfordring ho tok på strak arm.

Besøket fekk også sjå innom både miljøbase og skaparverkstad før vi avslutta med ein samtale på personalmøtet. Det er alltid kjekt å vise andre skulen vår og forklare tanken bak måten vi jobbar. Vi takkar for besøket!