Besøk frå Acos

Onsdag 06.12 hadde vi besøk av Acos på skulen.  Dei var her for å sjå på korleis vi driv med koding/programmering. Acos er ei lokal it-bedrift på Straume med over 100 ansatte. Vi har hatt samarbeid med dei sidan 2015. I tillegg til Acos var også VNR representert. Dei besøkande var først innom 2.trinn som koda i appen RunMarco på iPad før dei var på besøk på 7.trinn. På 7.trinn kodar dei forskjellege fysiske objekt med programmerbar elektronikk slik som Micro:bit, Arduino og Raspberry pi.

Denne veka er også den internasjonale kodetimen, hour of code, der skuleelevar i heile verda har ein time med koding.