Onsdag 13.06.18 hadde vi MOT-ambassadørar frå Tranevågen på besøk på 7.trinn. I den samanheng var ordførar, Marianne Sandahl Bjorøy og skulesjef, Wilhelm Anglevik inviterte av MOT til å vere med på ei slik MOT-økt. Sidan vi likevel hadde så celebert besøk inviterte vi på lunsj og omvisning. Skulesjefen og ordføraren var veldig imponerte over nokre innsektshotell som 5.klasse har bygd. Berekrafting utvikling er eit av dei fagovergripande emna som kjem med den nye læreplanen, og eit tema som er viktig å fokusere på i opplæringa.

Marianne Sandahl Bjorøy var med på ein runde på skulen. På 2.trinn hadde elevane fått velje kva program/app dei ville jobbe med. Siri Eide forklarte og viste korleis dei har jobba med begynneropplæringa på iPad. Bjorøy fekk sjå og snakke med nokre av elevane og dei fekk vise og fortelje kva dei jobba med,

På 5.trinn var naturfag og geologi tema. Bjorøy fekk lære litt om kva steinsortar vi har i vårt nærmiljø og korleis enkelte steinformasjonar vart danna. Monica Fjeldstad viste bilete på skjerm og fortalte. Bjorøy fekk også meir informasjon om korleis vi jobbar digitalt på mellomtrinnet med Chromebook og OneNote.
Vi takkar for besøket!