Barnevakten

Onsdag 26.september hadde vi foreldrekveld i regi av Barnevakten.  Det var Cecilie Bartnes som hadde eit fantastisk foredrag for dei oppmøtte føresette og lærarar. I forkant av foreldrekvelden var ho på skulen og snakka med elevane våre.

Torsdag 20.september hadde Cecilie samtalegruppe for elevar. I foreldrekveldsforedraget tok ho utgangspunkt i mykje av det som vart snakka om og som kom fram i desse samtalegruppene. Elevar heilt ned til 3.trinn deltok på desse, for vi ser at dei digitale utfordringane no oppstår mykje tidlegare enn før. I samtalegruppene med elevane snakka ho sjølvsagt om speletid/skjermtid. I tillegg fokuserte ho på at barna ikkje må legge igjen spor, på nett. Dei må ikkje gi ut informasjon til andre. Ho hadde eit fokus på at dei skal ha det kjekt, MEN ha trygt. Det er viktig at elevane tør å snakke med foreldra om noko er vanskeleg/skummelt. For dei eldste fokuserte ho også på deling av bilete, på chat og på trusslar. Elevane var veldig engasjerte, dei var med og bidrog i samtalane.

På foreldrekvelden delte Cecilie både frå eigne erfaringar, forsking og frå det Barnevakten står for. Fokuset låg mykje på at føresette gjer barna sine ei teneste ved å ha grenser på nett. Det er viktig med skjermfri tid (På den nye ios oppdateringa kan ein stille inn tid skjermen ikkje skal virke), gjerne ein felles skjermfri dag i veka der barna kan leike. Cecilie oppmoda alle om å vere til stades der barna er. Fram til dei er 15 år er dei føresette ansvarlege for kva barna skriv på nett og korleis dei oppfører seg der. Cecilie anerkjende dei utfordringane føresette står i, og at det er vanskeleg å manøvrere i dagens teknologiske verden. Ho oppmoda alle til å stille barna sine spørsmålet: Korleis har du hatt det på nett i dag? Dei føresette vil i løpet av veke 40 få heim eit foreldrehefte om temaet. Vi oppmodar om at dette blir brukt. Elevane har fått eit hefte som dei brukar i arbeidet på skulen.