Author Archives: ingvild

Besøk frå Sverige

Tysdag 22.mai hadde vi eit nytt kjekt besøk på Knappskog skule. Denne gongen var det Cecilie Johanne Slokvik Hansen frå SLATE/ Universitetet i Bergen som hadde med seg Åsa Sundelin frå Lin education i Sverige og Anna Åkerfeldt frå Stockholms universitetet. Begge to jobbar med digitalisering og var interesserte i å høyre korleis vi jobbar her på skulen. I tillegg til ein samtale om digitalisering rakk vi også ei omvisning på skulen slik vi fekk vise dei besøkande korleis elevane våre jobbar.

Det var som alltid kjekt å fortelje om korleis vi driv skulen vår og om kva som er det viktigaste i digitaliseringa. Det var også interessant å utveksle erfaringar på tvers av landegrensene for å sjå kva som er likt og ulikt. Det var eit spanande besøk, og vi håper å halde kontakten framover. 

Takk for besøket!

 

 

NKUL 2018

  NKUL – Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring vart i år arrangert 7. – 9.mai. Dette er ein nasjonal konferanse som blir arrangert på NTNU i Trondehim kvart år i starten av mai. Årets konferanse var den 25. i rekka. NKUL er den største digitale konferansen i Noreg, og den samlar deltakarar og utstillarar frå heile landet. På NKUL er det mange parallelsesjonar, utstiller seminar og verkstadar. Der er også ei utstilling der ein kan møte store delar av den norske ed-tech (utdanningsteknologi) bransjen og dei store forlaga. På konferansen får ein høyre kva som skjer i klasserom rundt omkring i landet og følgje med på dei nyaste trendane i digital undervisning.  Forlag og ed-tech bransjen brukar konferansen til å vise kva nytt dei jobbar med og korleis dei jobbar i tråd med samfunnsendringane. Sentralt i år var difor både den nye GDPR-lova og ikkje minst korleis det blir jobba fram mot fagfornyinga. På NKUL er det eit høgt fagtrykk på dagtid og mykje som skjer på den sosiale sida på kvelden. Om kvelden møtes ein på uformell grunn for vidare samtale om både viktige emner og ikkje fullt så viktige.

Gjengen i Trondheim
Mingling med Creaza

      

Øyvind fortel om One Note

Vi på Knappskog var så heldige at vi fekk ha verkstad andre dagen av konferansen. I introen før vi fekk sleppe til kom det fram at verkstad frå oss var ønska allereie før ein starta med planlegginga av årets program.  Vi hadde kalla verkstaden vår for Digg Læring – vår tanke om heilskapleg digital undervisning. Vi var fire stykker som hadde denne, Siri Eide, Monica Fjeldstad, Øyvind Opheim Rise og Ingvild Vikingsen Skogestad, Vi ønska å presentere korleis vi jobbar og ikkje minst korleis vi definerer heildigital undervisning. Vi ønska også å få fram heilskapstanken både på trinn og fag. Vi tenker likt frå 1. – 7.trinn til tross for ulike einingar, plattformer og verktøy.

 

Verkstaden var i eit av dei største auditoria og der var mellom 250 og 300 deltakarar. Tilbakemeldingane etter verkstaden var gode, og det er mange som er imponerte over korleis vi tenker skule. Ein av dei beste tilbakemeldingane vi fekk var at det var mange som hadde lyst å jobbe hos oss fordi det såg ut som vi hadde det så kjekt på jobb.

Målet er ikkje å vere lærebokfrie, men å vere fri frå læreboka
Siri og Monica fortel om begynnaropplæringa

  

Vi var seks lærarar som var på NKUL. I tillegg til dei fire som hadde verkstad var Åse Urdal og Kaja Venge der.  Vi reiser alle heim med nye intrykk, ny inspirasjon og ei kjensle av at vi er på rett veg. Vi opplevde stadig vekk at folk hadde høyrt om oss, både før innlegget og sjølvsagt spesielt etter. Det er kjekt å kome seg litt ut, få fortelje om det vi driv med og oppleve at andre er imponerte.  Mange har tatt kontakt for vidare samarbeid, noko vi ser fram til. Det er også kjekt å oppleve å bli høyrt og at vi får spele ei rolle i det som skjer i ed-tec/forlagsverda i framtida.

Kjetil I Cappelen Damm
Live map i Kikora for Hordaland

Det er ikkje det at vi trur vi er så veldig flinke, men vi trur at vi har funne den rette vegen mot framtidsskulen. Kan vi hjelpe andre inn på denne, er det berre ein bonus for oss. Det viktigaste for oss er å ha eleven i fokus. Fokusere på at eleven skal bli motivert, meistre og lære. Fokus på balanse og at vi berre brukar IKT der IKT kan gi meir læring og meistring. Det viktigaste er ikkje å vere lærebokfrie, men å vere fri frå læreboka.

Takk for oss NKUL, fantastisk kjekt som alltid! Håper vi møtes igjen neste år!

Tyholttårnet
Trondheim

Desentralisert kompetanseutvikling

Knappskog skule er med på eit samarbeid med UH-sektoren (NLA, Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Universitetet i Bergen/SLATE) og desentralisert kompetanseutvikling i Ytre Mitdt Hordaland. Samarbeidet har temaet:  «Det digitale klasserommet under fagfornyelsen» og er no i ein oppstartsfase med pilotskular.

Onsdag 2.mai vart den første «Kick off» samlinga arrangert i allrommet på Knappskog, og meininga er at dei involverte skulane skal ha eigne «Kick off» samlingar på sine skular i starten av neste skuleår.

Knappskog skule har innleia samarbeid både med SLATE og HVL. I samarbeidet med SLATE set vi fokuset på den overordna tanken med digitalisering og pedagogikk. Vi ønsker å bli flinkare til å forske på eigen praksis og på å utnytte resultata til å drive betre undervisning. Vi ønskjer også å gå enda djupare inn i djupnelæring og kreativitet og med å oppnå dei to øvste nivå på SAMR- modellen.

I prosjekta med HVL ønskjer vi å styrke satsinga vår med skaparverkstad og vi ønskjer også meir kompetanse på bruk av multimodale tekstar i engelsk. Vi ønskjer å nå dei øvre delane av SAMR-modellen også i engelsk.

Astrid Tolo frå UIB/SLATE
Høgskulen på Vestlandet
NLA

Tida fram mot skulestart må vi bruke på å konkretisere dei forskjellege prosjekta. Målet er at kompetansen vi oppnår skal dryppe på heile personalet og at dei fører til ei endring som elevane kan spore i klasserommet. Vi ser fram til ei medvandring med fagmiljøet og eit tettare samarbeid med UH-sektoren, og er spente på kvar dette vil føre oss. Vi håper også at samarbeidet vil spegle seg igjen i dei studentane vi som praksisskule får på besøk, og håper vi kan bidra med vår kompetanse om ein heildigital skulekvardag.

 

STL+ konferansen

3. og 4.mai blir STL+ konferansen arrangert på Lillestrøm. Monica Berntsen og Kata Strømland er deltakarar her. Det er andre året vi sender representantar på denne konferansen. Vi håper at dei kjem tilbake på skulen med ny kunnskap og inspirasjon om STL+ metoden og begynneropplæringa. STL+ er å skrive seg til lesing ved hjelp av talesyntese og er metoden vi på Knappskog brukar i lese- og skriveopplæringa vår.  Her er eit reisebrev av Monica Berntsen frå konferansen:

Dag 1 på STL+ konferansen begynte med et foredrag med Jørgen Frost. Han tok for seg betydningen av tidlig innsats. Budskapet hans var at det ikke er bokstavtegnet i seg selv man skal fokusere på når en skal lære seg å lese. En må flytte fokus over på den funksjonelle lyderingen som har vist å ha god effekt i lese- og skriveopplæringen. Frost mener at det ikke er bra å bruke måneder på ren bokstavopplæring. Elevene kan gå skriveveien uten å kunne alle bokstavene. Elevene utforsker lyder for å koble bokstaver de ikke kan.

Videre fikk vi høre Mona Wiklander snakke om grunnprinsippene i STL+ tenkningen som var som musikk i ørene til en førskolelærer. Her ble viktigheten av å samskrive og bruke modellering trukket frem. Hun fremhever at det skal ikke være motorikken som styrer skrivingen. Skrivingen bør bli styrt av hva elevene har på hjertet, og ikke hva de er motorisk klare for.

Dag 1 endte med et engasjerende innlegg av Simen Spurkeland som snakket om hvordan en kan engasjere og få elevene aktive.

Kata, Monica og Simen Spurkland

 

Dag 2 på STL+ konferansen startet med flere gode tips fra Mona Wiklander om hvordan en kan få god progresjon i lesing, leseforståelse og skriving. Hennes viktigste budskap er at elevene ikke skal lese tekster de ikke forstår. Tekster må være tilpasset og gjennomgått slik at elevene forstår hva de leser.

Dina Dalaaker fra Udir snakket om hva som kjennetegner skoler som har lykkes med å digitalisere den første lese- og skriveopplæringen.

Lisbeth Gregersen fra Udir snakket om læring uten grenser ved hjelp av eTwinning. Dette er en satsning fra EU-kommisjonen for samarbeid på tvers av landegrenser. eTwinning har fokus på å ha noen å skrive til. Vel verdt å prøve ut.

Det var en fantastisk underholdende avslutningen med forfatteren av Bukkene Bruse i badeland, Bjørn F. Rørvik. Han fortalte fra boken sin og snakket om at bildebøker bare eksisterer når de blir lest høyt med innlevelse.

Mattemaraton 2018

Kvart år i mai arrangerer Kikora mattemaraton. Mellomtrinnet på Knappskog har deltatt dei to siste åra. Nytt frå i år er at det er laga maratonløp for alle elevar, heilt ned til første klasse. I år skal difor alle klassene på Knappskog delta i mattemaraton! Erfaring frå tidlegare år seier at matemaraton er motiverande for elevane. Spesielt sidan ein heile vegen kan sjå korleis vi ligg an i høve til andre skular både i kommunen, fylket og landet.

Her kan du finne live map – oppdateringa

Målet for mattemaraton er at alle elevane skal gjennomføre minst eit løp/ ein maraton på 420 oppgåver. Når dei har fullført eit løp kan dei gå opp eit nivå for å fullføre nye løp.

I starten av maratonen har vi opplevd ein del teknisk krøll, vi håper dette blir utbedra fort, slik at mattemaratonen kan bli vårens vakraste eventyr, slik Kikora sjølv seier.

I starten av dette skuleåret var to 7.klassingar frå Knappskog med på den store mattemaratonfinalen i Oslo. Det kan ein lese meir om her.

Her er nokre bileter før første dag. Elevane er i gang både på mellomtrinn og småtrinn, med Surface og iPad

Besøk frå Bømlo

Fredag 27.april hadde vi besøk frå Bømlo. Dei var interesserte både i kva utsyr vi har, kva verktøy vi brukar og ikkje minst, den heilskaplege tanken rundt pedagogikk og heildigital undervisning.

Dei fekk blir med rundt i nokre av klassene både på småtrinnet og mellomtrinnet. Elevane i 2.klasse jobba med ulike musikkappar. Der fekk dei også sjå og høyre litt om digital begynneropplæring. På 3.trinn hadde dei matematikkstasjonar. Nokre av stasjonane var praktiske og andre digitale. Det er viktig å halde fram med praktiske oppgåver og fysisk aktivitet også i det heildigitale klasserommet. På 7.trinn jobba dei med med forskjellege fag. Dei fekk vist både Smarttime i norsk og matte, Smart Øving, historieskriving i Word kombinert med IntoWords og samfunnsfagsoppgåve i Creaza.

Det er alltid kjekt med besøk, og kjekt å vise fram litt av det vi jobbar med på skulen. Vi håper dei besøkande fekk mykje ut av besøket her, noko dei også gav uttrykk for. Besøket vart avslutta med felles lunsj saman med alle lærarane på Knappskog, ein fin arena for erfaringsdeling og utveksling av råd og tips.

Takk for besøket!

Jenter og teknologi

26.april er den internasjonale jenter og teknologi dagen, Girls in ICT day. I samband med denne var Knappskog skule invitert til Media City Bergen og eit arrangement der. Arrangementer var i regi av Odanettvetket, Lær kidsa koding,  Girls Geek dinner og Media City Bergen.

Arrangementet starta med enkel servering. Etter litt mat var det tid for små foredrag, Vi fekk vite meir om Media City Bergen og bedriftene som er ein del av medieklynga i Bergen. Etter det var det vår tur å halde innlegg. Silje, Maia og Karoline på 6.trinn og Silje, Linea, Vibeke, Siren, Vera og Ingrid på 7.trinn presenterte kodeprosjekt som dei har jobba med på skulen. Både kodeprosjekt i Scratch, koding med Arduino, ubruklege robotar med Micro;bit og droneflyging. Super innsats frå dei ni elevane! Etter presentasjonane fekk dei også ei omvising i Media City Bergen. Det var også workshop for dei som ønska det.

Vi er veldig takksame for å få lov å bidra på ei slik samling og elevane våre gjorde ein super innsats med å vise jentene i salen at jenter også kan kode. Jenter og teknologi høyrer saman!

 

Her kan du lese kva BA skreiv om arrangementet

Nasjonalt digitalt lesedøgn

Småtrinnet på Knappskog har deltatt på nasjonalt digitalt lesedøgn i regi av Samlaget som markering av deira 150 års jubileum.

Etter ein litt humpete start på det nasjonale lesedøgeret på onsdag der systemet ikkje ville samarbeide var alle elevane på 4. trinn i full gong med å lese nynorskbøker på torsdag. Ekstra stas var det at vi fekk besøk av representantar frå Lesemeister som er portalen vi les på. Elevane lurte på om det var appen som skulle kome på besøk? Dagen starta med individuell lesing der elevane valde bøker sjølv i den digitale bokhylla. Etterpå las/ lytta alle til ei felles bok «Bestevener». Denne boka hadde vi ein boksamtale om. Elevane fekk først fortelje kva boka handla om til læringsvenane sine. Så hadde vi ein samtale i klassen om dei ulike personane i boka, om det som hende og kva dei sjølv ville gjort om dei var i ein liknande situasjon. Elevane skulle så velje seg ein karakter frå boka og lage sin eigen historie om denne personen. Dei laga då ein teikneserie i Creaza. Heilt til slutt viste Rune frå Lesemeister elevane korleis den nye quizfunksjonen virkar. Det var stor stemning når klassen klarte å score 100%

.

Kommunalpolitisk toppmøte

20. mars vart kommunalpolitisk toppmøte arrangert i Oslo. Tema for årets møte var digitalisering, men tittelen «Ingen grunn til panikk». Knappskog skule var invitert til å vere med på konferansen for å vise deltakarane korleis framtida ser ut. To av våre elevar, Mia på 6.tinn og Jonas på 7.trinn, hadde den ære av å avslutte heile toppmøtet.

På konferansen var dei fleste av landets ordførarar representerte. For vår region stilte Børge Haugetun, ordførar i Øygarden kommune. Temaet var digitalisering og på scena var blant anna kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland og leiar i arbeiderpartiet, Jonas Gahr Støre. Naturlegvis var fokuset på scena også retta mot det som har skjedd regjeringa i det siste. Det var også humoristiske innslag frå scena. I forkant av Monica Mæland sitt innlegg haldt skodespelaren Fritjov Såheim tale som ordførar i den fiktive kommunen Roeng. Både karakter og kommune er kjend frå ein humorserie på TV2.

Fritjov Såheim som ordføraren i Roeng
Jonas Gahr Støre hausta stor applaus når han kom på scena

 

 

 

 

 

 

 

 

Mia og Jonas fekk æra av å avslutte møtet. Som introduksjon til denne avslutninga vart det vist ein film der rektor Odd Erik Kjeldstad, på ein mobiltelefonskjerm, forklarte hovudtankane i digitaliseringa vår.

Mia

Etter dette var det elevane sin tur. I ein samtale med Anne Grosvold fekk dei fram korleis det er å jobbe digitalt. Dei fekk også fram at det ikkje er nokon grunn til å frykte framtida eller digitaliseringa.

Mia og Jonas i samtale med Anne Grosvold

Det er ingen grunn til panikk. Vi er stolte av korleis dei to elevane takla oppgåva og over måten dei profilerte skulen vår på.  Dei fekk skryt av tilhøyrarne, inkludert Øygardsordføraren.

     «

Mia, Jonas og Børge Haugetun

 

 

 

 

Energimessa

I dag opna energimessa 2018 i loungen på Sartor storsenter. Energimessa er eit samarbeid mellom grunnskulane, ungdsomsskulane, Sotra vgs og lokalt næringsliv/VNR. Fylkesvaraordførar Pål Kårbø opna messa kl 11.30 i dag og den vil vare fram til kl 14 i morgon, fredag.  David Genius frå Kjempegøy er konfransier på messa og leiar både intervju og anna underhaldning undervegs.

David Genius intervjuar Lykke Grønn-Jensen

Sparebanken Vest sponsar tre premiar kvar på fem tusen kroner. Torsdag kveld vert vinnaren av den mest innovative utstillinga kåra. I morgon klokka 13 vert beste stand og den mest publikumsvennlege standen plukka ut. Juryen er samansett av ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, prosjektleiar for Nye Øygarden kommune, Paul J. Manger, og dagleg leiar i Vest Næringsråd, Henning Hauso.

Sandkassa vår

 

5.trinn på Knappskog har på førehand jobba med eit prosjekt om energi. I tillegg har dei bygd og koda sluser i Lego Wedo. På skulen har vi, med Øyvind Opheim Rise i føringa, laga ei VR sandkasse med virtuelt vatn. I denne sandkassa kan ein blant anna vise korleis dei koda slusene fungerer.  I bygginga av denne sandkassa har vi fått god hjelp av Harddisk.

Vi samarbeider også med Acos, og Acos fekk tid på energimessescena til å snakke om samarbeidet vårt

Intervju frå scena

Her kan du lese kva Fjell kommune har skrive om energimessa.