Author Archives: ingvild

Kodetimen 2018

I veke 49 vart den internasjonale kodetimen arrangert. På Knappskog har alle klassene vore med på dette. På Knappskog har vi koding på timeplanen kvar veke for alle trinn. Det er likevel kjekt med eit ekstra fokus på koding, slik som kodetimen gir. Denne veka har vi også gjennomført dei tradisjonelle julefestane våre, så litt koding mellom slaga har vore kjekt. Vi nytta kodeveka til å få lage ein Sphero-  labyrint med tape på golvet i skaparverkstaden vår. Denne håper vi blir brukt hyppig i tida framover. Vi har også tenkt å lage fleire slike. Kodesatsinga vår kan du lese meir om her. Skaparverkstaden vår står det om her

Her er ei oversikt over kva dei ulike klassene har jobba med denne veka:

1.trinn kodar for tida på appen Run Marco på iPaden.

2.trinn har koda på appen Coding, ein iPad app der elevane lærer engelsk og koding på sametid som at det er ein musikk-app.

3.trinn har jobba med opplegga på Kodeknekkerne på NRK Skole. Dei har også brukt appane Box Island og Lighhtbot.

4.trinn har starta med Lego Wedo. Der har dei bygd og koda robotar, vindmøller og sluser

5.trinn har jobba med Scratch. Dei har både jobba med spel og vist for dei andre det dei har jobba med. Dei har også sett nokre av episodane om Kodeknekkerne

6.trinn har koda med Micro:bit

7.trinn har jobba med forskjellege fysiske objekt i tillegg til Micro:bit og Arduino. Dei har koda Spheroball og droner og bygd og jobba med Lego Mindstorms.

   

Sidan vi er så heldige å ha kodetime kvar veke, skal alle elevane våre ha dette neste veke også.

Forsking på eigen praksis – framlegging av resultat

Tysdag 27.11.18 hadde vi igjen besøk frå SLATE, UiB, ved Cecilie Slokvik Hansen og Ingunn Johanne Ness. . Vi har denne hausten jobba med å forske på eigen praksis, og no var tida komen for å legge fram analyseresultata. Tidleg i haust hadde vi første samling der vi fekk ein innføring i TISL-metoden og også fekk hjelp til å starte våre eigne prosjekt. Vi har hatt fem grupper som har jobba med forskjellege problemstillingar. To småtrinnsgrupper, to mellomtrinnsgrupper og ei gruppe frå innføringsklassa. Etter å ha laga problemstilling og hypotese på første samlinga starta innsamlinga av data i klasseromma. Cecilie Slokvik Hansen var innom for å rettleie gruppene i sluttprosessen, og no var tida komen for å legge fram desse resultata.

1.gruppe presenterte eit prosjekt på mellomtrinnet der dei ønska sjå om alternative arbeidsmåtar som Minecraft kan auke motivasjonen for enkelte elevar. Konklusjonen førebels var at dette hadde ein positiv effekt på elevgruppa og at det skal bli spanande å sjå korleis dette vil halde fram.

2.gruppe hadde sett på arbeidet med tiarvennar på småtrinnet. Dei ønska å sjå nærare på gapet mellom det å «pugge» tiarvennane og det å faktisk kunne bruke dei i rekning. Mange elevar kan tiarvennane når dei blir spurt, men kan ikkje bruke dei til noko. Gruppa prøvde difor å gjere om på måten dei jobba med emnet på, både med overlæring og ved å fokusere på forståing. Det er for tidleg å konkludere om dette er til hjelp, men det har endra måten dei jobbar med temaet på.

3.gruppe hadde sett på bruk av Flipgrid i matematikk på mellomtrinnet og om dei ved hjelp av dette verktøyet kunne identifisere elevane sine ulike løysingsstrategiar i divisjon, for å tilpasse undervisninga til den enkelte. Dei kunne melde tilbake at dette var eit svært nyttig verktøy, og at det gav mange nye og betre moglegheiter for både tilbakemelding til elevane og tilpassing til kvar enkelt.

4.gruppe hadde sett på om arbeid med Aski Raski systematisk kunne auke lesehastigheit på elevar som hadde tempoutfordringar. Gruppa konkluderte med at det var eit godt verktøy, men at perioden var for kort for å sjå om det faktisk var eit utbytte for den utvalde elevgruppa

.

5.gruppa var frå innføringsklassa og dei hadde sett på forskjellane mellom å ha alle elevane 1. – 7. i same klasse opp mot deling i småtrinn og mellomtrinn. Gruppa konkluderte med at på alle punkt var det ein fordel å vere delt, både for elevar, lærarar og læringsutbyttet.

Det var interessant å høyre på dei forskjellege gruppene og kva dei har jobba med. Alle lærarane har lagt ned ein stor innsats i dette prosjektet!     No blir det spanande å sjå om ein kan konkludere meir på nokre av problemstillingane når ein får jobba meir med dei ulike hypotesene. Samarbeidet vår med SLATE skal halde fram og det blir spanande å sjå kva 2019 skal føre med seg.

Her kan du lese litt om kva SLATE skriv på sine sider

 

Turnering i FIRST LEGO LEAGUEjr

3.trinn- Knappskog skule har deltatt i FIRST LEGO LEAGUE jr, eit forskings- og teknologiprosjekt som introduserer barn i alderen 6-9 år til ei spanande verd av vitskap og teknologi. Årets oppgåve var Mission Moon: Korleis vil det vere å leve og bo på månen?

Gjennom prosjektet ynskja me å introdusere elevane for vitskap og teknologi. Jamfør Kunnskapsløftet ønska vi å fokusere på det «skapande mennesket», der utvikling av eigne evne på elevane sine premiss er eit av hovudelementa. Elevane skulle forske på korleis det er å leve og bu på månen. Innanfor dette skulle dei finne ut korleis dei skulle skaffe mat og drikke på månen, korleis ein skal få oksygen, og andre utfordringar dei måtte kome på undervegs ettersom dei lærde meir om livet utanfor jorda og vår atmosfære.

Prosjektet vara i ca. 2 månader der målet var å lage ein månebase og ein rakett i lego, samt ein informasjonsplakat. I tillegg skulle elevane ha minst eit element som var koda gjennom Lego WeDo. Som avslutning på prosjektet sendte me to grupper til konkurransedag på BI i Bergen, der dei fekk vise fram prosjektet sitt og forklara for dommarar kva dei hadde laga.

Me starta med idémyldring for å finne ut kva kunnskap me hadde på området frå før. Elevane fekk vite oppdraget, og byrja å innhente kunnskap dei meinte var relevante for å løyse oppdraget. Dei fekk leite etter informasjon på ulike nettkjelder tilpassa born, samt i bøker. Elevane har óg arbeida med koding i Lego WeDo-appen.

Elevane har gjennom arbeidet fått tileigna kunnskap om ei rekkje omgrep som «oksygen», «tyngdekraft» og «atmosfære». Dette var omgrep som me ynskja at elevane skulle lære på førehand, og elevane har gjennom utforsking og samarbeid innhenta kunnskap om dei ulike omgrepa fordi dei har trengt den for å løyse oppdraget. I tillegg har elevane forska på andre omgrep som dei har møtt på når dei har innhenta informasjon og kunnskap om temaet. For eksempel var det nokre elevar som ville finne ut kva akselerasjon var, fordi dei hadde lese om det i ei bok. Fleire elevar har òg hatt fokus på å resirkulere energi og vatn, fordi dette ikkje finnes på månen.

Gjennom arbeidet har elevane fått diskutere, argumentere, tilpasse og revidere eige arbeid. Dei har fått lære på eigne premissar, der bygging av lego, utforsking og leik har vore sentrale element. Dei har drive skrivetrening og lesetrening der dei har nytta ulike lesestrategiar når dei har innhenta kunnskap. I tillegg har me lest engelske bøker og sett nokre engelske filmar om temaet, slik at me også fekk implementert engelsk i prosjektet.

Program Digg Læring-konferansen 2019

1.februar er det igjen duka for Digg Læring-konferansen på Knappskog skule. Det er enda ikkje forseint å melde seg på. Påmelding til Digg Læring-konferansen

Det kan framleis kome endringar i programmet. Program oppdatert 011.12.18

 

Program Digg Læring-konferansen 2019

8:00: Registrering og mingling

8:30: Opning
8:40: «Digg Læring med pedagogikken i førarsetet» – Ingvild Vikingsen Skogestad, Knappskog skule
9:00 «STL+ i skrive/leseopplæringa» –  Ellen Romstad, høgskolelektor, Høgskolen i Østfold
9:30: «Elevvennlig undervisning i teknologirike klasserom» –  Simen Spurkland, Vøyenenga skole

10:30: Pause med stands

11:00: Speedforedrag – sjå liste over workshops

11:45-12:45: Parallelle foredrag/lunsj

Småtrinn:

Ellen Romstad – STL+
Monica Berntsen, Kaja Venge og Siri Eide, Knappskog skule – «Heildigital tanke om begynneropplæringa»

Leiarar:

Odd Erik Kjeldstad, rektor Knappskog skule og Andreas Noreide, pedagogisk IKT konsulent – Fjell kommune – «Leiarperspektivet i digitaliseringa»

Lunsj med mingling og besøk på stands

12.45-13.45: Foredrag/lunsj

Lunsj med mingling og besøk på stands Mellomtrinn/ u.trinn og skaparverkstad

Monica Fjeldstad, Øyvind Opheim Rise og Ingvild Vikingsen Skogestad, Knappskog skule – «Skaparverkstad og digitalt arbeid på mellomtrinnet»

Adrian Tallerås, Rothaugen u.skole – «Hvordan bruke «juks» og «jukseverktøy» i undervisningen»

 

13:45 – 14.45 Workshops (Atea, Creaza, Fagbokforlaget, Kikora, Gyldendal, kunnskap.no, HVL, MV-Nordic, Lesemeister, Cappelen Damm, Adrian Tallerås, Campus Inkrement, (Transponder??)

15:00 – 16.00 Workshops (same som over)

Ferdig 16:00

Det blir lagt opp til mingling og utstilling i alle pausar. Vår eigen skaparverkstad er sjølvsagt open heile dagen!

Hugs eigen PC/nettbrett til workshop!

 

Workshops:

  • Creaza: Kreative muligheter med Creaza i undervisningen!
  • Kikora: Workshop 1: Lær deg GeoGebra og regneark på 1-2-3 med Kikoras nye oppgaver.  Workshop 2: Mattemaraton – vårens vakreste eventyr!
  • Lesemeister: Hvilken bok skal jeg lese nå? Lesing og adaptiv læring
  • Fagbokforlaget: Verkstedet er et nytt heldigitalt læreverk for fagene kunst og håndverk og musikk for ungdomstrinnet. Med utstrakt bruk av video, animasjoner og foto tilbyr Verkstedet modellering av alt fra strikking og saging, til gitargrep og pianoakkorder.
  • Campus Inkrement: Omvendt undervisning/ Campus Inkrement
  • HVL: micro:bit og Aisoyroboter i undervisningen
  • Adrian Tallerås: Bruk av VR i undervisningen
  • Gyldendal: Smart Øving- adaptiv læring holder elevene i flytsonen! Smart Øving serien består nå av adaptiv læring i matematikkfaget for 1.-10. trinn, norsk for begynneropplæringen og norsk for voksne innvandrere. På vår workshop vil du få eksempler og tips til hvordan ta i bruk adaptive læringssystemer i klasserommet.
  • Gyldendal: Lærerstudio blir Skolestudio
  • Atea: Kjære skoleleder – sørg for å gjøre ting i riktig rekkefølge når skolen skal digitaliseres
  • MV-Nordic – Smart bruk av Intowords
  • Kunnskap.no – Kan elever på alle trinn forberede seg til sine timer? Hvordan vil det påvirke undervisning at elevene allerede kan noe om innholdet før din undervisning? Fra lekser som etterarbeid til omvendt undervisning som forberedelse til timer. Metakognitiv tenkning – Hvordan lærer jeg? Fra lærer/bok-styrt læring til selvregulert læring. Eksempler på dette ved å bruke Kunnskap.no
  • Cappelen Damm: Skolen fra Cappelen Damm, digitale læremidler i alle fag, på ett sted. Få presentert strukturerte undervisningsopplegg og læringsstier ned til den enkelte time, og tilbud om gratis utprøving våren 2019!
  • Transponder: Transponder er Norges første, beste og mest fremtidsrettede kommunikasjonsløsning for utdanningssektoren. Transponder er designet med innebygget personvern og et svært høyt nivå av sikkerhet. Dette kombineres med et ekstremt intuitivt brukergrensesnitt. 25% av alle norske skoler og 10% av alle norske offentlige barnehager benytter idag Transponder og stadig nye tar løsningen i bruk.
  • Microsoft: Minecraft : Vær elev og bygg sammen med dine kolleger!  (vi har nokre maskiner til låns)
  • Erlend Kobro, Lin Education:  Spillbasert læring gjennom escaperoom.Et “escaperoom”, eller “room escape game”, er et fysisk opplevelsesspill der spilleren må løse en rekke komplekse oppgaver for å nå et mål. Tradisjonelt har målet vært å komme seg ut av et rom der man tilsynelatende er låst inne. Konseptet baserer seg på elementer fra både historiefortelling, spill og opplevelsesdesign. Det er en unik måte å engasjere elever og lærende på.
  • Dragonbox: Hvordan ser fremtidens matematikkundervisning ut på småskolen? Utforskning, matematiske samtaler, dybdelæring, tverrfaglighet og problemløsning er noen av hovedpunktene vi har sett nærmere på gjennom læreverket Dragonbox Skole
  • MUZZY BBC: Learn languages​ with Muzzy and his friends

First Lego Leauge jr

Laurdag 10.november skal to lag frå 3.trinn på Knappskog skule delta i FIRST LEGO leauge jr i Bergen.  Oppgåva er som følgjer:

MISSION MOON℠
Hvordan ville det vært å leve og bo på månen? 
FIRST® LEGO® League Jr. vil i 2018 ta dere med på en reise til et sted der dere lager reglene: utforsk deres nye nabolag, og finn ut hvordan deres nye hverdag på månen vil bli! 
Oppdagelsene står i kø i oppdrag MISSION MOON℠!

Dei siste vekene har elevane difor hatt månen som tema. Dei har bygd månebasar og månefartøy i både vanleg LEGO og LEGO wedo. Elevane har forska på månen og på korleis det ville vere å leve på månen, og vil vise resultatet av dette i turneringa førstkomande måndag. I tillegg til LEGObygging har elevane laga ein plakat til utstillinga som viser det dei har lært.

Info om turneringa

    

Vi ønsker elevane på 3.trinn lykke til i turneringa! Rapport kjem over helga!

Besøk frå SIU

Tysdag 2.oktober hadde vi ein stor delegasjon på besøk. Det var SIU, Senter for internasjonalisering av utdanningen som arrangerte eit Erasmus+ studeiebesøk i Bergen for barnehage- og skulesektoren om innovativ bruk av IKT i opplæringa. 

Delegasjonen var på i overkant av 20 lærarar og førskulelærarar både frå Noreg og mange andre Europeiske land. Dei var først og fremst interesserte i å besøke småtrinnsklasser, men dei var også interesserte i å vite meir om DiggLæring prosjektet vårt.

Delegasjonen var innom 1. 2. og 3.trinn og fekk sjå mange forskjellege aktivitetar. På første trinn jobba dei med koding, både praktisk og på ein app. 2.trinn holdt på å lage teikneseriar i Creaza og 3.trinn hadde første økt med FIRST LEGO LEAGUE jr – mission moon. Der var dei i full gang med å bygge både månerakettar og anna i lego.

Etter omvisinga fekk dei ein presentasjon av prosjektet vårt. Det er viktig å få fram det faktiske målet med digitaliseringa. At det er elevane og elevane si læring, motivasjon og meistring som skal stå i førarstet. Det er omlegging av pedagogikk og arbeidsmåtar, og ikkje verktøy som skal ha hovudfokus.

Vi takkar for besøket! Det er alltid kjekt å vise fram kva vi driv med, og at elevane våre framleis er i aktivitet og er kreative. Delegasjonen var blant anna fascinert over elevane som kledde på seg regntøy for så å gå ut i styrtregnet og klatre i fjell.

Barnevakten

Onsdag 26.september hadde vi foreldrekveld i regi av Barnevakten.  Det var Cecilie Bartnes som hadde eit fantastisk foredrag for dei oppmøtte føresette og lærarar. I forkant av foreldrekvelden var ho på skulen og snakka med elevane våre.

Torsdag 20.september hadde Cecilie samtalegruppe for elevar. I foreldrekveldsforedraget tok ho utgangspunkt i mykje av det som vart snakka om og som kom fram i desse samtalegruppene. Elevar heilt ned til 3.trinn deltok på desse, for vi ser at dei digitale utfordringane no oppstår mykje tidlegare enn før. I samtalegruppene med elevane snakka ho sjølvsagt om speletid/skjermtid. I tillegg fokuserte ho på at barna ikkje må legge igjen spor, på nett. Dei må ikkje gi ut informasjon til andre. Ho hadde eit fokus på at dei skal ha det kjekt, MEN ha trygt. Det er viktig at elevane tør å snakke med foreldra om noko er vanskeleg/skummelt. For dei eldste fokuserte ho også på deling av bilete, på chat og på trusslar. Elevane var veldig engasjerte, dei var med og bidrog i samtalane.

På foreldrekvelden delte Cecilie både frå eigne erfaringar, forsking og frå det Barnevakten står for. Fokuset låg mykje på at føresette gjer barna sine ei teneste ved å ha grenser på nett. Det er viktig med skjermfri tid (På den nye ios oppdateringa kan ein stille inn tid skjermen ikkje skal virke), gjerne ein felles skjermfri dag i veka der barna kan leike. Cecilie oppmoda alle om å vere til stades der barna er. Fram til dei er 15 år er dei føresette ansvarlege for kva barna skriv på nett og korleis dei oppfører seg der. Cecilie anerkjende dei utfordringane føresette står i, og at det er vanskeleg å manøvrere i dagens teknologiske verden. Ho oppmoda alle til å stille barna sine spørsmålet: Korleis har du hatt det på nett i dag? Dei føresette vil i løpet av veke 40 få heim eit foreldrehefte om temaet. Vi oppmodar om at dette blir brukt. Elevane har fått eit hefte som dei brukar i arbeidet på skulen.

Samling for dysleksivennleg skular

24. og 25.september var det samling for dysleksivennlege skular i Lillestrøm. Knappskog skule er ikkje blitt sertifisert som dysleksivennleg skule enda, men vi er inne i ein sertifiseringsprosess. Vi håper å få på plass denne sertifiseringa i løpet av hausten. På denne samlinga var vi difor tilstades for å lære.

Samla på Scandic Lillestrøm var over 200 lærarar og skuleleiarar som enten er eller ønsker å bli dysleksivennlege.  Frå Knappskog var spes.ped lærar Eirin Marie Tveito og avdelingsleiar Ingvild Vikingsen Skogestad.  Innhaldet i samlinga varierte frå plenumsforedrag til små samtalegrupper/småforedrag om valte emner.

Plenumsforedraga første dag var det Statped som sto for. Marianne Akselsdotter hadde eit innlegg om matematikkvanskar og dyskalkuli og Gitte Gjesdal eit om korleis vi kan bruke teknologi i tiltaksarbeidet for barn og unge med språkvanskar. Spesielt i dette siste foredraget var det kjekt å sjå at våre val går i rett retning.

Vidare var det småforedrag om blant anna språkvanskar,  verktøyet Lingdys, korleis leie arbeid med dysleksivennleg skule, korleis tolke Logosresultat og IKT ansvarleg som ressurs. Om kvelden var det festmiddag.

Andre dag starta med fleire småforedrag/workshops om blant anna gode appar, foreldresamarbeid og førebyggande arbeid i begynnaropplæringa. Dagen vart avslutta med plenumsforedrag av ein forskar frå Universitetet i Bergen, Turid Helland,    som fortalte både om det historiske perspektivet i dysleksi og om eigen forsking på dette feltet.

Det var ei spennande samling, med mykje matnyttige tips og informasjon som vi kan ta med heim til eigen skule. Vi ser fram til å bli enda betre på arbeidet vårt med barn med både dysleksi og dei som har andre utfordringar. Foldnes skule hadde med 4 representantar på samlinga, og det var kjekt å kunne gå i tospann med dei her.

 

Digg læring-konferansen 2019

Invitasjon til Digg læring konferansen 2019.

 

Knappskog skule inviterer lærarar, IKT-ansvarlege, skuleleiarar, samarbeidspartnarar og andre interesserte til ein ny Digg læring. Set av fredag 1.februar til å knytte nettverk og bli inspirert til digitalt arbeid på din eigen arbeidsstad

 

 

 

Programmet og innhaldet jobbar vi med kontinuerleg. Dette vil bli en dag med fokus på innovativ og framtidsretta læring i framtidas skule. Vi vil legge opp til både foredrag og workshop. Nytt av året er at vi har henta inn ein ekstern foredragshaldar. Simen Spurkland lærar på Vøyenenga ungdomsskole i Bærum vil ha plenumsforedrag for oss. Han er mykje framme i media og har mange foredrag om digital pedagogikk, matematikkdidaktikk og den profesjonelle lærar. Vi vil også prøve å dele opp forelesingane i spor slik at ein kan velje mellom t.d småtrinn-, mellomtrinn-, ungdomstrinn- og leiarspor. Her må vi sjå an interessa i påmeldinga. Vi vil også ha mange gode workshops. Fleire av dei som hadde workshop i fjor (Creaza, Fagbokforlaget, kunnskap.no og fleire) har sagt at dei kjem. I tillegg jobbar vi med å få med fleire. Cappelen Damm er av dei som har meldt at dei kjem.

 

Nytt av året blir at konferansen vil koste pengar for dei som ikkje er frå Fjell kommune. Vi har sett ein pris pr. person på 400kr, då er lunsj inkludert. Ansatte i Fjell kommune kan delta gratis

 

Så hold av dagen for her blir det litt forskjellig retta mot fleire målgrupper:)

 

Oppdatert program og vidare informasjon vil du finne på Facebooksida vår: https://www.facebook.com/digglaring/

 

PÅMELDING DELTAKARAR HER: https://goo.gl/tE8nCd

Det blir sendt ut epost til dei påmeldte etter jul.  

 

PÅMELDING SAMARBEIDSPARTNARAR TIL WORKSHOP OG STAND: https://goo.gl/faoxEs

 

Vel møtt!