Sett-dagene

29. – 30. november vart Settdagene arrangert på Lillestrøm. Knappskog skule var representert med to deltakar, Monica Berntsen og Ingvild Vikingsen Skogestad

Settdagene er ein digital konferanse som blir arrangert årleg og byr på mange inspirerande foredrag frå 72 foredragshaldarar i tillegg til mange utstillingar. Monica Berntsen hadde innlegg på fullteikna Edtech Masterclass om Lesemeister og Ingvild hadde foredrag om Digg Læring. Ingvild vart også intervjua på Utdanningsforbundet sin stand, eit intervju ein kan finne her.